Gunnar Rødal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnar Halstein Rødal er født 14. oktober 1934 i Rødalen i Fræna kommune. Han er folkedansar og folkemusikar, og vart i 2009 heidra med kongens fortenestmedalje i sølv for sin lange innsats som folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag

Rødal si karriere som folkedansar starta tidleg. Han voks opp i ein heim der begge foreldra og fleire av søskena var engasjerte i ungdomslagsarbeidet. Dansen gjekk på kjøkengolvet heime, der nabogutane samla seg og lærte songdansar. På slutten av 40-talet blei han medlem av Sylte og Malme Ungdomslag i Fræna.

I 1956 starta Rødal med å halde kurs i norsk folkedans. Han var først tilsett som reiseinstruktør i folkedans i Trøndelag og seinare ved Romsdalsmuseet i Molde. Han var tilsett som folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag i 35 år; frå 1963 til 1998. Han har halde fram som instruktør etter at han vart pensjonist, og er etterspurd hos ungdomslag og skular over heile landet.

Rødal si særeigne evne til å spreie danseglede og få alle til å danse gjer han til ein pioner og ei levande kulturkjelde. Han har ofte vore barn og ungdom sitt første møte med den norske folkedansen. Rødal har ei særeiga evne til å få folk til å tore å danse, og særleg evnar han å få med seg borna i dansen. Han utstrålar rein danseglede og har instruksjonsmetodar som gjer dansen tilgjengeleg for alle. Møtet med Gunnar Rødal har for mange vore vegen inn til den norske folkedansen.

Rødal er også musikar, og speler neverlur, bukkehorn og munnharpe. Han held kurs i munnharpespel, der det ofte deltek folk som ikkje har forkunnskap innanfor folkemusikkfeltet. Desse kursa har alltid stor oppslutnad både mellom born og vaksne. Alt dette gir Gunnar Rødal ein særeigen plass innanfor folkedansen i Noreg. I 2000 blei han utnemnd til heidersmedlem i Sylte og Malme Ungdomslag og i 2001 blei han heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!