Gunnar Randers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gunnar Randers (21. april 19147. februar 1992) var ein norsk fysikar, kjent som den leiande innan norsk atomforsking i tida etter den andre verdskrigen.[1]

Randers tok embetseksamen innan astronomi ved Universitetet i Oslo (1937), var assistent under Svein Rosseland ved Institutt for Teoretisk Astrofysikk og arbeidde mellom anna med Oslo Analyzer, ein av dei største datamaskinane på den tida. Han hadde forskingsopphald i California og Chicago (1940-42), mellom anna gjesta han Albert Einstein og Enrico Fermi.

Deretter virka han i London for den norske regjeringa, samarbeidde med Jomar Brun om tungtvatn, radar og nærleiksbrannrør. Under krigen arbeidde han både for det britiske forsyningsdepartementet og for amerikanske militær etterretning.[2] Randers vart forskingssjef for fysikkavdelinga ved det nyetablerte Forsvarets Forskningsinstitutt (1946).

Med tilnamnet «Atom-Randers» stod han for utviklinga av atomreaktorane ved Institutt for Energiteknikk på Kjeller og i Halden. Han var administrerande direktør ved IFE 1948-68. Han var visegeneralsekretær i NATO med ansvar for forskingsprogram og vitskapelege spørsmål (1968-70) og virka der til 1973. Han var òg ei tid administrerande direktør i Scandpower (1975).

Han var far til Jørgen Randers

Utgitte bøker[endre | endre wikiteksten]

Gunnar Randers forskningspris[endre | endre wikiteksten]

Gunnar Randers forskningspris er ein pris for utmerkt forsking innan energiteknikk og fysikk som blir delt ut av Kong Harald annakvart år. Vinnaren mottar 100 000 NOK og eit kunstverk, utvalt av ein komité med Ivar Giæver, David Sherrington, Eivind Hiis Hauge og Arne Skjeltorp.

Referansar[endre | endre wikiteksten]