Gunnar Ringheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Ringheim
Fødd 14. november 1953
Yrke journalist, redaktør, skribent

Gunnar Ringheim (fødd 14. november 1953) er ein norsk forfattar og journalist. Ni år gamal flytte han frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane til Larvik kommune, og er oppvaksen på Østre Halsen.

Han arbeidde som lærar på Hedrum ungdomsskole.

Ringheim har jobba som journalist i Nybrott, Østlands-Posten og Ny Tid. Dessutan har han vore ansvarleg redaktør for Larvik Morgenavis og Ny Tid og nattredaktør i Dagbladet. I dag er han politisk journalist i sistnemnde avis.

Ringheim har tidlegare gjeve ut fleire dokumentarbøker, men i 2008 debuterte han som romanforfattar med boka Svalestup.

Frå 1999 har Ringheim vore busett på Nordstrand i Oslo. Han er gift med magasinredaktør Jane Throndsen i Dagbladet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]