Hopp til innhald

Gunnar Sønstevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Sønstevold

Fødd26. november 1912
FødestadElverum kommune
Død18. oktober 1991 (78 år)
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somkomponist, filmmusikkomponist, jazzmusikar
Gift medMaj Sønstevold
PrisarFilmkritikerprisen

Gunnar Sønstevold (26. november 191218. oktober 1991) var ein norsk komponist frå Elverum og var òg ein kjend jazzpianist i trettiåra. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.

Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher. I 1930-åra utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys. Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige der han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende måndagsgruppa. Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som òg vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I 1955 vann han Filmkritikerprisen for filmmusikken til Det brenner i natt. I perioden 19601967 studerte han komposisjon ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien. I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK. Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han vann Lindemanprisen i 1985.

Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold.

Verk (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 1964 The Dorian Cage
  • 1971 Litany i Atlanta til minne for Louis Armstrong

Filmmusikk (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 1944 Lev farlig
  • 1946 Englandsfarere
  • 1949 Vi flyger på Rio
  • 1952 Nødlanding
  • 1950 Musikk på loftet
  • 1952 Veslefrikk med fela
  • 1954 Roald Amundsen
  • 1955 Det brenner i natt
  • 1957 Ni liv
  • 1957 Fjols til fjells
  • 1961 Bussen
  • 1963 Om Tilla
  • 1968 Bare et liv - historia om Fridtjof Nansen
  • 1969 Huset på grensen
  • 1969 An-Magritt
  • 1970 Antigone