Gunnar Tjomlid
| Gunnar Tjomlid | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 3. august 1974 (52 år) Dar-es-Salaam |
| Yrke | skribent, webdesignar |
| Gunnar Tjomlid på Commons | |
Gunnar Roland Tjomlid (fødd 1974) er ein norsk bloggar, foredragshaldar og forfattar.[1]
Han vart fødd i Dar-es Salaam i Tanzania i 1974,[2] der han budde sine to fyrste leveår. Han har engelsk mor og norsk far. Med unntak frå eit toårig opphald i Kenya (1984-86) har han for det meste budd på Tonstad i Sirdal kommune fram til 2010.[3][4]
I 2006 starta han bloggen Unfiltered Perception. I 2013 skifta den namn til Saksynt, etter han starta eit samarbeid med Mediehuset Nettavisen AS.[5] Han har òg vore panelmedlem i den norske podkasten Saltklypa frå 2010 til 2012.
Tjomlid har gått ut med ein krass kritikk av påstandar frå alternative behandlarar og vaksinemotstandarar. Noko som har ført til at somme personar frå dette miljøet reagerte med å kome med trugslar om søksmål.[6][7][8] Han vann i 2010 kåringa «Tordenbloggen»[9] og fekk seinare i 2014 prisen «Årets sterke meining» i Vixen Blog Awards 2013 for bloggen Saksynt.[10]
Frå mai/juni 2017 til desember 2020 dreiv han saman med komikaren dag Sørås podkasten Dialogisk.[11] I tillegg er òg Tjomlid fotograf,[12] skeptikar[13] og han driv Youtube-kanalen Tvilsomt med Tjomlid.[14]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 2013: Placebodeffekten - Hvorfor alternativ behandling virker som den virker, Humanist Forlag ISBN 9788282820516
- 2016: Håndbok i krisemaksimering ISBN 9788243010741
- 2024: Dagslys - På veien med Dag Sørås
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Skeptikeren fra Sørvestlandet», Utrop (på engelsk), 22. februar 2016, henta 12. mars 2026
- ↑ Gunnar Roland Tjomlid - Humanist Forlag.no
- ↑ «Gunnar Roland Tjomlid», Humanist forlag (på norsk bokmål), henta 12. mars 2026
- ↑ «Om meg», Saksynt (på norsk), 4. desember 2023, henta 12. mars 2026
- ↑ «Nettavisen + unfiltered perception = sant!», Saksynt (på norsk), 2. januar 2013, henta 12. mars 2026
- ↑ Grønning, Tuva Bønke; Grønning, Tuva Bønke (27. juni 2012), «Bloggere ble truet med millionssøksmål etter å ha blogget om «helsesjokolade»», Dagbladet (på norsk bokmål), henta 12. mars 2026
- ↑ John Færseth (7. januar 2014). «Med Human-Etisk Forbund som skyteskive». arkiv.humanist.no. Humanist. Arkivert frå originalen 11. desember 2021. Henta 11. desember 2021. «Tjomlids engasjement har skaffet ham en rekke fiender i alternativmiljøet. Noe av årsaken ligger nok i Tjomlids kjølige og til tider kompromissløse skrivestil.»
- ↑ Gran, Even (14. januar 2014), «Til slutt kan man ikke lenger «tie ihjel»», Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk), henta 12. mars 2026
- ↑ Årets tordneste blogg er... denne! Arkivert 21. februar 2014 på Wayback Machine. - tjomlid.com
- ↑ «Årets tordneste blogg er... denne!», Saksynt (på norsk), 20. desember 2010, henta 12. mars 2026
- ↑ «Spotify – Web Player», Spotify (på engelsk), henta 12. mars 2026
- ↑ admin (3. november 2022), «Fotograf Gunnar Tjomlid, Qualia AS», Sørlandske Fotograflaug (på engelsk), henta 12. mars 2026
- ↑ Gilje, Caroline Teinum; Gilje, Caroline Teinum (1. mars 2015), «Synes livet er mysteriøst nok», www.vl.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2026
- ↑ «Tvilsomt med Tjomlid», YouTube (på engelsk), henta 12. mars 2026
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Tjomlid» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2026.