Gunnebo slott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slottet frå parken.
Gunnebo från apollos kulle.JPG

Gunnebo slott ligg nordaust i Mölndals kommun (Stensjöns församling), mellom Mölndal og Pixbo.

Det ligg nær Rådasjön og Stensjön. Historia til Gunnebo kan fyljast attende til slutten av av 1300-talet, då namnet fyrste gongen vert brukt om ein storgard med tilhøyrande kvern. Det nåverande Gunnebo slott vart bygd av den rike kjøpmannen John Hall d.e., som i 1778 kjøpte Gunnebo for å byggje seg eit sommarhus som stod i stil med at han var ein av dei rikaste mennene i Sverige. Han vart kalla 'Rike Hall' i samtida. Slottsanlegget inneheld ein hovudbygning i tre og eit parkanlegg. Parken er ein av dei best bevarte i Sverige frå si tid. Arkitekt var Carl Wilhelm Carlberg og mange av originalteikningane hans av Gunnebo er i dag i samlingane til Röhsska museet i Göteborg. Parken er open for alle og det vert arrangert guida omvisingar inni slottet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]