Gunneffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gunneffekt er eit fenomen som oppstår i høgfrekvente elektriske svingingar i visse typar halvleiarkrystallar når dei vert påtrykt ei konstant elektrisk spenning. Effekten opptrer mellom anna i galliumarsenid, GaAs, som høyrer til gruppa III–V-samband. Frekvensen for svingingane avheng av den påtrykte spenninga og av storleiken til krystalla. Effekten blir brukt i mikrobølgjegeneratorar der ein gunnoscillator kan erstatte eit klystronrøyr. Effekten vart oppdaga av amerikanaren J. B. Gunn i 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]