Gunnhild Sundli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Gunnhild Sundli på Rock mot rusAndøya 2005

Gunnhild Eide Sundli (fødd 2. juli 1985) er ein norsk artist. Sundli er mest kjend som songarinna i musikkgruppa Gåte frå 1999 til gruppa vart oppløyst i 2005. Ho er fødd og oppvaksen i Orkdal, og bur no i Trondheim. Ho byrja med kveding som 9-åring, og har sidan vore innom både klassisk- og jazz-song. Ho har eksamen i kveding frå Heimdal videregående skole.

I februar 2006 starta ho som skodespelar med debut i kabareten «Cafe Isogaisa» av Hans Rotmo. Ho held fram i juni med rolla som Anna i Korsvikaspillet i Trondheim. I august spela ho Lucie Nilsdatter Gyldenløve i operaen om Olav EngelbrektssonSteinvikholmen, før ho deltok i sogespelet «Raud Vinter» i Levanger i september.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]