Gunnlaug Ormstunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnlaug Ormstunge framfor Eirik Håkonsson jarl på Lade.
Illustrasjon av Andreas Bloch (1898)

Gunnlaug Illugesson Ormstunge (norrønt: Gunnlaugr Illugason ormstunga) var ein islandsk skald som levde i tida (9831008).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Gunnlaug sin far var Illuge Svarte (Illugi hinn svarti) son av Hallkjell Roskjellsson på Gilsbakke i Borgarfjord på Island. Mor til Illuge var Turid Dylla og henner far var ein Gunnlaug Ormstunge (den eldre). Bror til Illuge var skalden Tind Hallkjellsson. Illuge Svarte var gift med Ingebjørg (Ingibjörg), dotter åt Asbjørn Hordsson frå Ørnulvsdal. Illuge og Ingebjørg fekk mange born, mellom dei var Gunnlaug som skulle få tilnamnet «Ormstunge». Slekta hans er nemnd i Landnåmaboka[1].

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Han er ikkje nemnd i dei norrøne kongesogene, men livet hans er skildra i ei av dei islandske ættesogene, Soga om Gunnlaug Ormstunge[Note 1] . Der blir det fortalt at han vart tidleg vaksen, var stor og sterk men framfus, strid og hard i alt. Han var ei dugande skald og gjorde ofte nidviser og nedsetjande dikt, noko som gav han tilnamnet «ormstunge».

Etter ei usemje med faren, Illuge svarte, forlét han heimen berre femten år gamal og bodde ei tid på garden Borg hjå Torstein Egilsson, sonen til Egil Skallagrimsson. Der vart han kjend med Torstein si dotter, Helga den fagre, etter seiande den vakraste kvinna på Island på den tida. Håret hennar var så fagert som om det var gjort av gull (sem gull barið), vart det sagt. Gunnlaug var meint på å fare utanlands for ei tid, og han fekk lovnad om å få Helga til kone om han kom attende innan tre år.

Atten år gamal drog han ut, først til Noreg der ladejarlane Eirik Håkonsson og Svein Håkonsson rådde for riket. Seinare reiste han til England og vitja kong Adalråd (Ethelred II av England) og deretter reiste han til Dublin der han vitja kong Sigtrygg Silkeskjegg. Derifrå fór han til Orknøyane og var ei kort tid hos Sigurd Lodvesson jarl. Han reiste via Kongshelle i Noreg til Skara i Vestre Gautland og deretter til Uppsala og vitja kong Olav Svenske (Olof Skötkonung). Der møtte han for første gong skalden Ravn Ånundsson (Hrafn Önundarson); dei kom i usemje om kven som hadde laga det beste kvadet til kongen, og dei skiltes som uvener. Gunnlaug reiste så attende til kong Adalråd i England og var der over ein vinter.

Då han til sist kom attende til Island, var det gått fire år, og Helga var blitt gift bort til uvenen hans, Ravn Ånundsson. Gunnlaug tok dette særs tungt og han kvad mellom anna dette diktet:

Ormstunge fekk aldri
eiga ein dag til endes
hugnad sidan Helga
heita laut Ravns kone.
Lite kallen den kvite
kunne mi tung varast;
gjeven for gull vart unge
jenta utav sin fader.
Ormstungu varð engi
allr dagr und sal fjalla
hœgr, síz Helga en fagra
Hrafns kvánar réð nafni;
lítt sá Hǫðr enn hvíti
hjǫrþeys faðir meyjar
(gefin vas Eir til aura
ung) við minni tungu

Han gav Helga ei kostesam kappe som han hadde fått av kong Adalråd i England.

Det vart då stor fiendskap mellom Gunnlaug og Ravn, noko som enda med at dei gjekk holmgang to gonger. Første gongen kjempa dei på Øksaråholmen på Island, siste gongen på ein stad som vart kalla Dinganes[Note 2] i Noreg. Der fall Ravn og Gunnlaug fekk banesår og døydde tre dagar seinare. Etter soga skal han blitt gravlagd ved ei kyrkje i Levanger (norrønt: Lifangur).

Helga vart seinare gift med Torkjell Hallkjellson i Raunsdalen på Island. Soga endar med at Helga, som aldri hadde gløymt Gunnlaug, døydde medan ho sat og såg på kappa «Gunnlaugsgåve», som ho hadde breidd ut framfor seg.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Skalden Tord Kolbeinsson laga eit dikt om Gunnlaug; Gunnlaugsdråpa som handlar om holmgangen mellom Gunnlaug og Ravn.

I Skaldatal[2] er det nemnt om Gunnlaug Ormstunge at han var skald hos Eirik Håkonsson Ladejarl og kong Olav Svenske (Skötkonung) i Sverige. Dei fleste av dikta som vi kjenner til, er frå Soga om Gunnlaug Ormstunge. Desse er kjende (alle er henta frå Skaldic Project):

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnlaug Ormstunge var utan tvil ein historisk person, men soga om han vart nedskriva første gongen meir enn 200 år i ettertid, og kan ikkje reknast som eit historisk dokument. Ein trur likevel at soga, med støtte av skaldeversa, gir eit pålitande bilete av dei store draga i livet hans.
  2. Det er i soga om Gunnlaug Ormstunge vi får opplysning om at Eirik jarl hadde lagt ned forbod mot holmgang i Noreg (det er og nemnt i soga om Grette Åsmundsson). Gunnlaug og Ravn heldt likevel holmgangen, på ein stad som blir kalla Dinganes (nesi Dinga). I dag veit vi berre om ein stad i Noreg med det namnet (Dingeneset i Gulen kommune), og det høver ikkje med resten av teksten i soga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmabok frå snerpa.is (norrøn tekst)
  2. Skaldatal Heimskringla.no (norrøn tekst)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]