Gunnstein Akselberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnstein Akselberg

Fødd20. juli 1949
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Bergen

Gunnstein Akselberg (fødd 20. juli 1949)[1] er ein norsk namnegranskar og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.[2][3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Akselberg er frå Voss.[4] Han er cand.philol. og dr.art. frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsavhandlinga hans frå 1995 heitte Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov-milroyske paradigmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune. Han er redaktør for Namn og Nemne, Nordica Bergensia og Målbryting og leiar for prosjektet Talemålsendring i Noreg.[2] I NRK Hordaland har han hatt språkspalta Snakk med oss i over femten år.[5][daud lenkje] Han har også skrive ei rekkje artiklar og bøker om språklege emne. Akselberg har vore språkkonsulent i programmet Eides språksjovNRK1 sidan fyrste program i serien vart sendt 1. februar 2017.[6][7]

Bøker i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Frå Bontelabo til Ånuglo : stadnamn i Hordaland
  • 2008 – Ord og uttrykk frå Hordaland
  • 1999 – Norsk referansegrammatikk
  • 1984 – Veg- og gatenamnleksikon for Vossabygdi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oksfjellelv, Berit; Allkunne: Gunnstein Akselberg i Store norske leksikon på snl.no. Henta 29. april 2023.
  2. 2,0 2,1 «Gunnstein Akselberg». Nettstaden til Universitetet i Bergen. Henta 14. februar 2012. 
  3. «Akselberg, Gunnstein». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 14. februar 2012. 
  4. «Gunnstein Akselberg». NRK Hordaland. 2. oktober 2001. Henta 14. februar 2012. 
  5. «Gunnstein Akselberg». Nettstaden til Bjørgvin bispedøme. Henta 14. februar 2012. 
  6. Gilstad, Heidi. «Forskeren forteller: Pisspreik av professor? En uhøytidelig undersøkelse om språkbruk». forskning.no. Henta 22. januar 2019. «I Linda Eides Språksjov møtes professor Gunnstein Akselberg (t.h.) og kapellmester Sjur Hjeltnes for å diskutere alt som er fint, morsomt og rart med det norske språket.» 
  7. «NRK TV – Eides språksjov» (på norsk). Henta 22. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gunnstein Akselberg