Hopp til innhald

Gunnulf Kleveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnulf Kleveland
StatsborgarskapNoreg
Fødd13. juni 1907
Evje
Død

14. januar 1993 (85 år)

Yrkeomsetjar

Gunnulf Kleveland (13. juni 1907–14. januar 1993)[1] var ein norsk filolog og lektor.[2] 

Bakgrunn og karriere

[endre | endre wikiteksten]

Gunnulf Kleveland var son av bonden Olav Nilsson Kleveland (1841–1934) og Gunhild Torgeirsdotter Åneland (1870–1962).[2] Han tok examen artium i 1928 og vart cand. philol. frå Universitetet i Oslo med latin og tysk som sidefag og norsk hovudfag i 1936. Han arbeidde som lærar og lektor ved Sarpsborg kommunale høyere almenskole frå 1937 til 1951, med eit avbrot frå 1947 til 1949, då han var lektor i norsk ved Stockholms högskola og reiselektor for Foreningen Norden i Sverige. Frå 1951 var han lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.[2]

Kleveland var oppteken av å ta vare på Setesdals-tradisjon. Han skreiv ned «Bryllupsmarsj» etter Knut Kleveland, ein folketone frå Evje. Bruresmarsjen er arrangert for orgel av Eilert Magnus Hægeland som òg framførte han på fleire konsertar.[3] Folkemusikken i Setesdal kom i 2019 inn på SNs liste over immateriell kulturarv.[4] Gjennom å skrive ned bruremarsjen frå Evje har Kleveland vore med på arbeidet med å tryggje denne immaterielle kulturarven. Kleveland har òg skrive ned minne om ferdsel langs landevegen i Evje på byrjinga av 1900-talet i teksta «Langs ein landeveg» i Jol i Setesdal 1974.[5][6]

Kleveland gav ut eit par skolebøker for latinfaget i den vidaregåande skulen og omsette Plautus' Skrømtet (Mostellaria) til norsk (1982).[7][8]

Kleveland var styremedlem i Studentmållaget i Oslo hausten 1935.[9] Han var formann i Pedagogisk forening i Sarpsborg 1945–1947, og i 1952 vart han formann i Drammen lokallag av Foreningen Norden. Han var riddar av Filologisk Forening ved Universitetet i Oslos orden Den gylne ugle.[10][2]

  1. ↑ «Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 19. november 2021
  2. 1 2 3 4 Studentene fra 1928. Oslo. 1953. s. 193.{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link)
  3. ↑ «Tysdagssending i Valle Radio 20170905 – Setesdalswiki». Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 8. september 2020. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. ↑ «UNESCO - Practice of traditional music and dance in Setesdal, playing, dancing and singing (stev/stevjing)» (på engelsk). Henta 14. september 2020.
  5. ↑ «Jol i Setesdal 1974 – Setesdalswiki». Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 8. september 2020. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  6. ↑ Gunnulf Kleveland (1974). «Langs ein landeveg». Jol i Setesdal 1974: 23–25.
  7. ↑ «Latinsk stiløving : versjon og retroversjon - Nasjonalbiblioteket». Henta 14. september 2020.
  8. ↑ «Kontrollspørsmål til romersk kulturhistorie» (på norsk). Henta 14. september 2020.
  9. ↑ Studentmållaget i Oslo 50 år. Oslo. 1952. s. 183. Oslo. 1952. s. 183.{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link)
  10. ↑ Ekrheim, Helga Sverdrup (1950). Norges filologer og realister. Stavanger:. Stavanger.{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]