Gunnvor Advocaat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnvor Advocaat
Fødd 17. august 1912
Oslo
Død

26. juli 1997
Oslo

Yrke kunstmålar

Gunnvor Henriette Advocaat (fødd 17. august 1912 i Oslo, død 26. juli 1997 i Oslo) var ein norsk biletkunstnar. Ho var ein av Noregs fremste kunstnarar innan nonfigurativt måleri.[1]

Far hennar var diplomat og familien budde fleire ulike stader i utlandet under oppveksten hennar. Ho byrja kunstutdanninga si relativt seint, som 25-åring, med å gå teikneskule i Nederland. 1938-39 gjekk ho så på Kunstakademiet i Haag, 1942-43 var ho elev på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, og 1943-48 studerte ho ved Kunstakademiet i Oslo under Axel Revold, Aage Storstein og Jean Heiberg. Etterpå gjorde ho fleire studiereiser i Europa. Ho debuterte på Haustutstillinga i 1948. Gjennombrotet hennar kom 1957-58. I lag med Inger Sitter, Gunnar S. Gundersen, Jakob Weidemann, Knut Rumohr, Odd Tandberg, Anna-Eva Bergman og Øistein Thurman vart ho i dei følgjande åra banebrytar for det abstrakte måleriet i Noreg. [1] Ho hadde den fyrste separatutstillinga si i 1962.

I 1959 gifte ho seg med kollegaen Øistein Thurman og dei busette seg i Roma. Der budde og arbeidde dei til 1968 då dei flytte til Sicilia. Somrane var dei heime i Noreg. Advocaat flytte attende til Noreg i 1992. Siste separatutstillinga si hadde ho i 1996. Året etter døydde ho, 83 år gamal.

Kunsten hennar, særleg frå 1950- og 1960-talet, er prega av geometrisk abstraksjon. Målarstykka, akvarellane og serigrafia ber preg av eit koloristisk talent og sans for artistiske verdiar og effektar. Ho utvikla seg frå ei fast, forenkla figurativ uttrykksform fram til balanserte, reine og rolege abstrakte komposisjonar på 60- og 70-talet som vert karakteriserte som svært harmoniske. Bileta hennar frå 50-talet hadde ofte ein romantisk karakter utan definerte former og «grumsete» fargar. Under Roma-opphaldet ljosna fargane og i 1974 viste ho i Kunstnernes hus nye målarstykke i klåre, ljose fargar dominert av raudt og blått. Bileta var bygde opp av store, rolige fargeplan med ein streng komposisjon. Utover 70-åra løyste flatene seg opp og fargane vart dempa og duse.

I Norske grafikere i dag skreiv Advocaat: «I grafikk som i maleri er mitt mål presis avveining i komposisjon av fargede planformers spenning og balanse, størrelsesform, bevegelse i rom. Derfor passer den nonfigurative uttrykksformen meg best.»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Glenny Alfsen. «Gunnvor Advocaat». Norsk Biografisk Leksikon. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Markus Markusson, Erik Egeland, Peter Anker (1987). Gunnvor Advocaat. Oslo: Labyrinth Press. ISBN 8273930025.