Gunvor Fossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunvor Fossum
Fødd 2. januar 1893
Død

29. september 1958 (65 år)

Yrke skribent

Gunvor Fossum (2. januar 189329. september 1958) var ein norsk forfattar, ein typisk representant for dei populære jentebokforfattarane frå 1920- til 1950-åra.

Etter middelskuleeksamen og musikkundervising utdanna ho seg til telegrafist, men heldt fram med lærarskule og arbeidde ved Kjelsås skule 1917-1951.

Fossum debuterte i 1928 med Vesle Petra. Evna til å beherska motgang er eit berande karaktertrekk ved fleire av Fossum sin jenteportrett, frå Politimesterens Katrine, Fia, Smilie og Kari Dyrlæge til bøkene om Stella (1946–1948), der handlinga føregår i krigsåra.

Ho retta seg òg mot eit litt eldre publikum, dei såkalla «ungpikene», i Nygift (1935) og dessutan Hjemme hos Britt og Goggen (1952). Medan sjølvstende og viljestyrke vert framheva som gode karaktereigenskapar i jentebøkene, er det ein meir tilpassingsdyktig og forsiktig kvinnetype som vert skildra i ungpikebøkene.

Dei fleste av Fossum sine til saman 14 titlar (der 10 vart utgjevne før andre verdskrigen) vart omsette til svensk og dansk. Ho omsette òg sjølv fleire populære svenske og danske ungdomsbøker til norsk.

I 1947 var Fossum med på å etablera Ungdomslitteraturens Forfatterlag, og var formann for det til 1956.

Høyrespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1955: I går er ikke i dag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]