Gunvor Gjessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunvor Gjessing (fødd 24. juni 1932) er ein norsk journalist, fødd i Saltdal som Gunvor Rusånes. Ho er utdanna med mellomfag i engelsk og fransk språk ved Universitetet i Oslo. Ho har vore tilknytt avisa Aftenposten frå 1960, og har arbeidd med kulturstoff, mellom anna som filmkritikar. Gjessing har vore styremedlem i Norsk filmkritikerlag.

Ho har gjeve ut ei bok som tek for seg historia til A/S Rusaanes Snekkerifabrikk. Fabrikken eksisterte frå 1887 til 1972. Føretaket låg ved Rusånes i Saltdal, ein liten stad i Nordland fylke.

Gunvor Gjessing bur saman med mannen Kjetil Gjessing på Sagene i Oslo.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 Møbeleventyret. Historien om en pionerbedrift i Nordland ISBN 82-7631-030-3
  • 2004 Fra skog og fjell til Akersgata Artikkel i pressehistoriske skrifter nr. 3

Ufullstendig kjeldeliste[endre | endre wikiteksten]

  • Leif Gjessing: Grømsted Gjessingene og dets etterkommere i 300 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]