Gunvor Guttorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunvor Guttorm
Gunvor Guttorm Árran-konferánssas 02.jpg
Fødd 28. juni 1958 (64 år)
Karasjok
Yrke forfattar, universitetslærar, kunsthistorikar, kunstnar

Gunvor Guttorm (fødd 27. juni 1958 i Karasjok)[1] er ein norsk samisk kunstvitar, artist og duodjiekspert.

Gunvor Guttorm voks opp i Karasjok og studerte fag som duodji, finsk og samisk på blant anna Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark i Alta/Hammerfest. I 1993 tok to magistereksamenen i duodji på Statens lærerhøyskole i forming i Oslo. I 2003 disputerte ho på Universitetet i Tromsø med avhandlinga Duoji bálgát - en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk.

Ho har undervist i duodji, mellom anna på Samisk høgskole i Kautokeino frå 1994. I 2010 blei ho professor i duodji på Samisk høgskole, der ho i 2015–2019 også var rektor.

Ho er busett i Jokkmokk og har to barn.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Duoji bálgát - en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk (avhandling), Det humanistiske fakultet, Institutt for kunsthistorie, Universitetet i Tromsø, 2001
  • Duodjáris duojárat – duddjon ealiha duodjedigaštallama – artihkkalčoakkáldat (på nordsamisk, "Hängivna hantverkare – Skapande föder dialog och debatt"), Davvi girji, Kautokeino 2010, ISBN 9788273748157

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Let the River Flow, februar 2019, på nettstaden til Tensta konsthall