Gurid Almenningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gurid Almenningen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1892
Død

1. november 1990 (97 år)

Yrke politikar

Gurid Almenningen (24. desember 1892 som Gurid Brekke–1. november 1990) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Almenningen vart fødd på Vossevangen. Ho tok kveldskurs i norsk og rekning i 1910 og var elev ved Voss folkehøgskule 1911–1912. Ho var tilsett i Voss bokhandel 1915–1916, dreiv eiga mote- og broderiforretning på Vossevangen 1916–1920, var heimeverande husmor frå 1920 og noterte butikkprisar på Voss for Statistisk sentralbyrå 1962–1966.

Almenningen var med på å skipa Voss Arbeidarkvinnelag i 1924, og var styremedlem 1924–1932 og formann 1933–1951. Ho var også styremedlem i Hordaland Arbeidarparti 1933–1940 og 1945–1949. Ho var heradsstyrerepresentant på Voss 1947–1951 og hadde ei rekkje offentlege verv i kommunen. Mellom anna var ho ein pådrivar for bygginga av gamleheimen på Voss. Ho var òg frå ungdommen med i fråhaldslosjen «Vossingen - Framsteg».[1]

Almenningen var 2. vararepresentant til Stortinget frå Hordaland 19501953 og 1. vararepresentant 1954–1957, og møtte fast for Jakob Martin Pettersen 1953–1955. På Stortinget møtte ho samstundes som Sjur Lindebrække (Høgre), som Almenningen var barnepike for i ungdommen, og skal då ha uttala: «Ver snill med han Sjur. Han var slik ein god gut!»[2] Ho vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1969.

Faren til Gurid var skomakar på Vossevangen. Ho gifta seg i 1920 med konduktør Knut Almenningen, som òg sat i heradsstyret på Voss for Arbeidarpartiet før krigen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "75 år" i Hordaland, 23. desember 1967
  2. «Kraftlaust demokrati». Dag og Tid. 15. oktober 1998. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]