Gustaf Estlander
Gustaf Estlander | |
![]() | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Finland, Sverige |
Fødd | 18. september 1876 Helsingfors |
Død |
1. desember 1930 (54 år) |
Yrke | arkitekt, ingeniør, skøyteløpar |
Språk | svensk |
Høgd | 176 centimeter |
Far | Jakob August Estlander |
Gustaf Estlander på Commons |
Gustaf Axel Estlander (fødd 18. september 1876 i Helsingfors, daud 1. desember 1930 i Stockholm) var ein finsk, seinare svensk, arkitekt, båtkonstruktør og skøytelaupar. Som skøyteløpar representerte han Storfyrstedømmet Finland.
Estlander vann EM på skøyter, allround i 1898. Han vart nest beste laupar i EM i 1897 og 1899, og nest beste lauper i VM på skøyter, allround i 1896 og tredje beste lauper i VM i 1898 men fekk ikkje medaljar då det i perioden 1891–1907 berre vart delt ut medaljar til meisteren.
Han er i Finland og Sverige mest kjend som arkitekt og båtkonstruktør, og han dreiv det tyske verftet Papst-Verft mellom 1918 og 1923. Omtrent 300 konstruksjonsteikningar av Estlanders båtar er i dag teke vare på i Sjöhistoriska museet i Stockholm. Estlander vart i 1927 svensk statsborgar.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Gustaf er yngre bror til jurist, professor, riksdagsman og OL-seglar Ernst Estlander. Faren deira var Jakob August Estlander, som var professor i kirurgi og statsråd.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gustaf Estlander» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2016.
- Referansar
- ↑ Ernst Estlander i Biografiskt lexikon för Finland. Henta 7. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gustaf Estlander – Profil og resultatoversyn på SpeedSkatingNews.info.
- Profil og resultatoversyn på SpeedSkatingStats.com ein nl
- «Gustaf Estlander» (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. desember 2008. (engelsk).«Gustaf Estlander» (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. desember 2008. «Gustaf Estlander» (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. desember 2008.