Gustaf Holm & Co AB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gustaf Holm & Co AB var eit svensk føretak, stifta i 1878, som heldt til i Göteborg. Føretaket dreiv opphavleg med eksport av trevarer, og seinare med matvarehandel og spedisjon. I 1938 vart Gustaf Holm & Co AB generalagent for bergbormaskinar produserte av det engelske føretaket Warsop Petrol Drill & Tools Ltd [1]. Ein av dei beste kundane var det svenske forsvaret, som kjøpte store mengde Warsop bergbormaskinar. Då 2. verdskrig braut ut oppstod det problem med leveransane, og Gustaf Holm & Co AB tok til å produsera Warsop bergbormaskinar på lisens i Sverige. I 1947 stifta Gustaf Holm & Co AB eit dotterselskap, som dei kalla AB Bergborrmaskiner. Det føretaket bygde ein fabrikk i Mölndal, der bergbormaskinarne vart produserte.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.