Gustav Flor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Flor
Fødd2. januar 1848
Nesset
Død23. desember 1907
Trondheim
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, sorenskrivar

Gustav Julius Flor (2. januar 184823. desember 1907) var ein embetsmann og stortingsmann, fødd i Nesset i Romsdal.

Flor var son til ein offiser. Sjølv vart han student i 1867 og cand. jur. i 1871. Frå 1871 var han i tre år fullmektig hos sorenskrivaren i Tana, deretter sorenskrivar og fut i Tana fram til 1888. 1888-94 var han konstituert fut i Fosen, medan han 1894-1903 var sorenskrivar i nordre Østerdalen.

Flor møtte på Stortinget i perioden 1880-82 som 1. varamann for den valde representanten frå Finnmark, avdøde Christian Andreassen. Han var medlem av protokollkomiteen både den perioden og den neste. 1883-85 var han nemleg 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget.

Han døydde i Trondheim i 1907.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]