Gustav Forstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Forstrøm
Fødd 13. november 1878
Død

21. april 1953

Gustav Bernhard Forstrøm (13. november 187821. april 1953) var ein norsk mekanikar og verksmeister frå Slagen i Vestfold, som representerte Hordaland og ArbeidarpartietStortinget frå 1937 til -45.

Forstrøm var son til ein sjømann. Frå 1893 arbeidde han sjølv på sjøen, mellom anna var han med på sel- og kvalfangst i Nordishavet, ved Hebridane og på Finnmarka. Han arbeidde òg på mekaniske verkstader i Tønsberg og Moss. I 1906 tok han eksamen ved Kristiania maskinistskole. To år seinare busette han seg i Odda i Hordaland då han byrja arbeide på Oddafabrikkene som mekanikar. I 1913 fekk han stilling som verksmeister i verksemda i Odda.

Forstrøm var medlem av heradsstyret i Odda 1913-16, 1925-41 og 1945, ei tid var han varaordførar i heradet. Elles var han medlem i overlikningsnemnda i 21 år til 1945. Frå 1939 til -45 var han formann i forstandarskapet til den tekniske kveldsskulen i Odda.

Hausten 1933 vart Forstrøm nominert til andreplassen på Arbeidarpartiet si stortingsvalliste for Hordaland. Han vart vald inn på Stortinget med klar margin og attvald tre år seinare. På Stortinget var han 1934-36 medlem i Universitets- og fagskulekomiteen og 1937-45 i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]