Gustav Hasselbrink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Hasselbrink
Fødd 1900
Død

1982

Yrke språkforskar

Gustav Hasselbrink (19001982) var ein svensk prest og språkforskar. Han er framfor alt kjend for den store ordboka si over sørsamisk, og for ei tidleg autosegmental analyse over sørsamisk omlyd.

Hasselbrink var i mange år prest i Vilhelmina, og det var der han gjorde feltarbeid for det språklege arbeidet sitt. I doktoravhandlinga si frå 1944 gjekk han gjennom fonologien til vilhelminasamisken. I 1957 publiserte han ei sørsamisk lesebok i lag med Knut Bergsland.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler / av Gustav Hasselbrink. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.
  • Hasselbrink, Gustav og Knut Bergsland 1957: Sámien lukkeme-gärjá : sydsamisk lesebok med grammatikk og ordliste / utgitt av naborikenes sydsamer ved Knut Bergsland og Gustav Hasselbrink. Oslo : 1957.
  • 1965: Alternative analyses of the phonemic system in Central South-Lappish. Indiana University publications. Uralic and Altaic series ; 49. Bloomington : Indiana University, 1965.
  • 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch = Oårj'elsaamien baaguog'ärjaa. Skrifter / utgivna genom Dialekt- och folkminnesarkivet i Uppsala Ser. C, Lapskt språk och lapsk kultur ; 4. Uppsala : Lundequistska bokhandeln, 1981-1985. 3 bind.


Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]