Gustav I av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Vasa
Gustav Vasa.jpg
Konge av Sverige
Regjeringstid6. juni 1523-29. september 1560
Fødd12. mai 1496Rydboholm gard ein mil nord for Stockholm i Uppland
FødestadRydboholm Castle
Død29. september 1560Stockholms slott
Stockholm
FøregjengarKristian II
EtterfølgjarErik XIV
Gift med 
  1. Katarina av Sachsen-Lauenburg
  2. Margareta Eriksdotter (Leijonhufvud)
  3. Katarina Stenbock
MottoOmnis potestas a Deo est
Born 
  • Erik XIV av Sverige
  • Johan III av Sverige
  • Magnus Vasa
  • Karl Gustavsson
  • Katarina Gustavsdotter Vasa
  • Cecilia Vasa
  • Anna Maria Vasa
  • Sofia Vasa
  • Elisabet Vasa
  • Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (12. mai 149629. september 1560), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.

    I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa valt til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.

    Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustav I av Sverige
    Spire Denne historieartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.