Gustav Lærum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Lærum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1870
Fet kommune
Død

21. mai 1938 (67 år)
Oslo

Yrke illustratør, bilethoggar
Gustav Lærum på Commons

Gustav Lærum (2. juni 187021. mai 1938) var ein norsk bilethoggar og illustratør fødd i Fet i Akershus.

Lærum var son til ein trelasthandlar og voks opp i Kristiania. Sjølv arbeidde han ei tid som karikaturteiknar i moroblada Korsaren, Vikingen og Tyrihans og laga portrett for Verdens Gang og Ørebladet. Fleire av desse er samla i bøkene Fra Uret til Grand og Norske Politici. Han illustrerte også bøker av Elias Kræmmer. Særleg vart Lærum kjend for sine karikaturar av berømte nordmenn som Henrik Ibsen og Ivar Aasen, for sine postkort og kartongbilete, mellom andre av Fridtjof Nansen.

Lærum laga òg statuar av Georg Stang, Henrik Angell, Gunnar Knudsen (Borgestad), general Oscar Wergeland (Kristiansand), Olav den heilage (Sarpsborg) og Niels Henrik Abel. Både som bilethoggar og teiknar laga han verk der portrettlikskapen var stor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]