Gustav Lorentzen (1915-1995)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Lorentzen
Fødenamn Gustav Fredrik Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. januar 1915
Christiania
Død

7. august 1995 (80 år)
Noreg

Yrke vitskapsperson

Gustav Fredrik Lorentzen (13. januar 19157. august 1995) var ein norsk ingeniør frå Oslo, ein internasjonal føregangsmann i kuldeteknikk. Gjennom nesten 60 års arbeid som ingeniør og vitskapsmann prega han den internasjonale utviklinga av fagområdet etter 1945 og gav vesentlege bidrag til å utvikle ein meir miljøvennleg kuldeteknikk.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lorentzen tok examen artium 1934 på reallinja ved Hegdehaugen skole i Oslo. Han studerte så ved Norges tekniske høgskole (NTH) i Trondheim, der han avslutta i 1939 med ein framifrå eksamen på maskinlinja. Etter eit år i NSB arbeidde han i to år som assistentingeniør ved Varmekraftlaboratoriet på NTH.

Perioden 1942-51 var Lorentzen tilsett i Fiskeridirektoratet i Bergen som avdelingsingeniør og maskinteknisk overingeniør. Han hadde då ei sentral rolle i å planleggje og gjennomføre oppbygginga av ein ny fiskeindustri i Noreg. Samstundes arbeidde han på den banebrytande doktoravhandlinga «Leveringsgrad og virkningsgrad for kjølekompressorer» og vart i 1950 dr.techn. ved NTH.

Hausten 1951 vart Lorentzen utnemnd til professor i kjøleteknikk ved NTH. Her fekk han i oppgåve å utvikle og leie det nyoppretta Institutt for kjøleteknikk. Dette er det største frittståande kuldetekniske forsknings- og utdanningsmiljø i vest-verda.

Kuldeteknikk har vore ein nøkkelteknologi for Noreg, spesielt fiskerinæringa. Lorentzen sette heile si arbeids- og skaparkraft inn på fagområdet. Han prioriterte oppgåver viktige i den tekniske utviklinga i landet. Praktiske siktemål vart vektlagt; prosjekta skulle kunne kome til nytte for dei som ytte pengane.

Lorentzen engasjerte seg frå fyrste stund med å utvikle ei systematisk kontakt- og nettverks-verksemd overfor industrien, og for å informere om resultata av forskinga. Mellom anna var han sentral då Norsk Kjøleteknisk Forening vart skipa i 1961.

Med sin bakgrunn frå Fiskeridirektoratet var Lorentzen mykje oppteken av utviklinga i fiskerinæringa. Han tok initiativet til at Statens Kjølemaskinistskole i Trondheim vart etablert i 1953, og han deltok aktivt i oppbygginga av Norges Fiskerihøgskole og Fiskeriforskning (FTFI) i Tromsø.

I 1988 fann Lorentzen opp ein ny, enklare og meir effektiv måte å regulere CO2-systema på. Dei neste tre åra nyutvikla han ideen, noko som vart eit avgjerande vendepunktet i bruken av CO2 i kjøleteknikken. Like etter gjorde det japanske konsernet Denso seg kjent med Lorentzen si oppfinning, med tanke på å nytte det til luftkjøling av bilar. Lorentzen og Denso byrja samarbeide i 1993, eit samarbeid som gav ein vesentleg framskuv i utviklinga av EcoCute som kom i handelen etter år 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bredesen, Arne M. (29. juni 2022). «Gustav Lorentzen». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).