Gustav Natvig-Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Natvig-Pedersen
Fødd18. august 1893
Stavanger kommune
Død27. juli 1965 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkelingvist, politikar, filolog
Utdanna vedLondon School of Economics
BarnKari Helliesen
MedlemDen Norske Nobelkomite
Alle verv

Gustav Natvig-Pedersen (18. august 189327. juli 1965) var ein lærar og politikar frå Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1937 til 1953, stortingspresident 1950-53.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Natvig-Pedersen var son til ein seglmakar. Sjølv tok han studenteksamen i 1911 og fullførte deretter fyrste avdeling på Krigsskulen. I 1913 vart han vernepliktig offiser og i 1920 premierløytnant. Han studerte ved Universitetet i Oslo og vart cand.philol. i 1919.

Frå 1919 var Natvig-Pedersen overlærar ved Stavanger katedralskole, seinare var han lektor same staden. År 1928 studerte han ved London School of Economics, og under eit tilhald i USA i 1932 studerte han ved Brookwood Labor College i New York. Frå 1946 var han rektor ved St. Svithuns skole i Stavanger, ei stilling han hadde til 1962.

Under andre verdskrigen var Natvig-Pedersen i mars 1942 mellom dei mange lærarane som vart arrestert for å ha nekta å melde seg inn den NS-styrte lærarunionen, og sat internert på Jørstadmoen og seinare i Kirkenes. I mars 1943 vart han arrestert på ny og var fange på Grini i Noreg, til han frå 8. mai 1943 sat i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland, heilt til Nazi-Tyskland kapitulerte våren 1945.

Natvig-Pedersen hadde fast plass i bystyret i Stavanger frå 1922 til 1963. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland frå 1937 til 1953. Åra 1936-39 var han medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet. I den fyrste fireårsperioden etter verdskrigen var han visepresident i Stortinget og nestformann i Militærkomiteen. Deretter var han i perioden 1950-53 stortingspresident og formann i Valkomiteen.

Natvig-Pedersen var nestformann i Nobelkomiteen frå 1949 til han døydde. Gjennom åra hadde han elles ei mengd tillitsverv. I 1962 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]