Gustav Noske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Noske

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 9. juli 1868
Brandenburg an der Havel
Død

30. november 1946 (78 år)
Hannover

Yrke journalist, politikar, skribent
Språk tysk
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Gustav Noske på Commons

Gustav Noske (9. juli 186830. november 1946) var ein tysk politikar for SPD. Han var tysk forsvarsminister frå 1919 til 1920, som den første forsvarsministeren i Weimarrepublikken og i Tyskland på føderalt nivå overhovudet.

Noske var ein moderat og sentrumsorientert sosialdemokrat, og var medlem av den tyske Riksdagen frå 1906 til 1918, og av den forfatningsgivende nasjonalforsamlinga i Weimar i 1919.

Han er mellom anna kjend for å ha slått ned spartakistoppreisten i Berlin og andre kommunistiske oppreister (m.a. i München og Bremen) i 1919 med hjelp frå frikorpsa.

Frå 1920 til 1933 var han overpresident (guvernør) for den prøyssiske provinsen Hannover. I samband med 20. juli-attentatet vart han arrestert og send i konsentrasjonsleir.

Publikasjoner (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Kolonialpolitik und Sozialdemokratie, Stuttgart 1914
  • zusammen mit Adolph Koester: Kriegsfahrten durch Belgien und Nordfrankreich 1914, Berlin 1914
  • Von Kiel bis Kapp. Zur Geschichte der deutschen Revolution, Berlin 1920
  • Erlebtes aus Aufstieg und Niedergang einer Demokratie, Offenbach 1947 [auch unter dem Titel Aufstieg und Niedergang der deutschen Sozialdemokratie. Erlebtes aus Aufstieg und Niedergang einer Demokratie erschienen]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Wolfram Wette: Gustav Noske. Eine politische Biographie. Droste, Düsseldorf 1987, ISBN 3-7700-0728-X
  • Rainer Butenschön, Eckart Spoo (Hrsg.): Wozu muss einer der Bluthund sein? Der Mehrheitssozialdemokrat Gustav Noske und der deutsche Militarismus des 20. Jahrhunderts. (Distel-Hefte, Band 35). Distel, Heilbronn 1997, ISBN 3-929348-18-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]