Gustav Wied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Wied

Statsborgarskap Danmark
Fødd 6. mars 1858
Holmegård
Død

24. oktober 1914 (56 år)
Roskilde

Yrke skribent, skodespelforfattar
Gustav Wied på Commons
Byste av Gustav Wied, utført av Elise Brandes i 1908

Gustav Johannes Wied (fødd 6. mars 1858 i Branderslev ved Nakskov, død 24. oktober 1914) var ein dansk forfattar. Han var kjent som ein samfunnsrefsar som nytta alle høve til å spidde borgarskapet.

Han voks opp på landet, noko som til ei viss grad avspeglar seg i bøkene hans. Men han kom i særs ung alder til København, der han vart bokhandlarmedhjelpar. Sidan vart han huslærar i Jylland før han igjen kom tilbake til København, der han var timelærer medan han førebudde seg til studenteksamen. Etter gjentekne forsøk klarte han eksamenen i 1887. Han vart så knytt til Dagbladet København, der han fekk publisert dei første tekstane sine. I 1889 fekk han gjeve ut det første verket sitt, En Hjemkost, som han kategoriserte som eit sørgjespel, men deretter følgde verk i den muntre sjangeren på rekkje og rad. En Bryllupsnat frå 1892, skodespel i ei akt, handlar om ei bestemor som vil drepe barnebarnet sitt. Det hausta så stor uvilje at det vart ikkje spelt ferdig ein gong. Barnlige Sjæle frå 1893 blir karakterisert som «en Samling delvis yderst vovede Fortællinger».[1]

I dei seinare åra slo han inn på dramatikk og skreiv helst skodespel.

På det siste vart bøkene hans meir upopulære og Wied lei jamleg av kraftige magesmerter. Denne kombinasjonen førte til at han bestemde seg for å «gjere ein ende på det heile». Difor inntok han 24. oktober 1914 ein dødeleg dose cyankalium.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Blant Gustav Wieds verk finn ein mellom andre:

  • En Hjemkomst (eit sørgjespel, skodespel) - 1889
  • Silhuetter (noveller) - 1891
  • En Bryllupsnat (skodespel) - 1892
  • Barnlige Sjæle (novellae) - 1893
  • Slægten - 1898 (filmatisert i 1978)
  • Livsens ondskab - 1899 (filmatisert som tv-serie i 1971, sendt i 1972)
  • Thummelumsen (skodespel) - 1901
  • Skærmydsler - 1901
  • Den gamle Pavillon (skodespel) - 1902
  • Knagsted - 1902
  • Dansemus (skodespel) - 1905
  • Fædrene æde druer - 1908
  • Circus Mundi (forteljingar) - 1909
  • Kærlighed - Fire Idyller (skodespel) - 1909
  • Ærtehalm (skodespel) - 1909
  • Pastor Sørensen og Co. - 1913
  • Imellem Slagene (forteljingar og skodespel) - 1914
  • Digt og virkelighed (erindringar) - 1914

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]