Guttasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guttasjonsdroper på ein snelleplante

Guttasjon (av latin for 'drope') er utskilling av vatn i væskeform frå blad. Nokre døme er vassdropar i spissen av grasblad og på bladtennene til marikåpe og andre plantar om morgonen etter ei kjølig natt med høg luft- og jordfukt. Ein kan også framkalla guttasjon ved å setja slike plantar under ei glasklokke etter å ha vanna dei rikeleg. Under disse forholda er transpirasjonen frå blada sterkt nedsett på grunn av den høge luftfukta.[1]

Årsaken til guttasjon er rottrykket, eit hydrostatisk trykk som oppstår i vedrøyret til leidningsbanene når røtene tek opp vatn utan at det samtidig føregår transpirasjon. Vatnet vil derfor bli pressa oppover i planten og ut av blada der motstanden er minst. Dette skjer gjennom eigne vasspalter, hydatodar, som er små porer i bladoverflata, som oftast langs bladkanten. I motsetnad til spalteopningane kan vasspaltene ikkje opnast og lukkast. Guttasjonsdropar kan forvekslast med dogg. Skilnaden er at dogg er reint vatn danna ved kondensasjon av vassdamp i lufta, medan guttasjonsvæska nesten alltid inneheld små mengder oppløyste stoff, særleg salt og sukker. Dette kan i visse tilfelle visa seg ved avsetning av slike stoff langs bladranden, til dømes kalsiumsalt hos bergfrue og visse andre sildreartar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «guttasjon». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.