Gutegruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Guttegruppe)
Backstreet Boys i 2016
Den kinesiske gutegruppa Boy Story

Gutegruppe (engelsk boyband) er ei vokalgruppe knytt til popmusikk som typisk blir danna av unge gutar eller menn når dei er i tenåra eller tidleg i tjueåra.[1] Dei har ofte ein ung kvinneleg fanskare, og framfører gjerne kjærleikssongar. Mange gutegrupper dansar i tillegg til å synga, og har ofte velkoreograferte opptredenar. Nokre slike grupper blir danna av seg sjølv, til dømes frå ei songgruppe knytt til ei kyrkje eller gospel. Mange andre blir danna av managerar eller plateselskap som held auditionar og vel ut passande medlemmer. Jentegruppe er ei tilsvarande nemning om vokalgrupper med berre kvinnelege medlemmer.

Gutegrupper har vore særleg populære på 1960-talet, med til dømes The Jackson 5 og The Osmonds, 1990-talet og tidleg 2000-talet med grupper som Take That, Backstreet Boys, *NSYNC, Boyzone og Westlife, tidleg på 2010-talet med nye populære grupper som Big Time Rush og One Direction og K-pop-grupper som BTS, Exo, Seventeen og NCT, og seint på 2010-talet med grupper som CNCO, Why Don't We og PrettyMuch.

Musikkmagsinet Billboard meiner at ein definisjon av gutegruppe i vidaste forstand også kan inkludera tidleg The Beatles, som i byrjinga av karrieren la stor vekt på image og hadde ei stor overvekt av tenåringsjenter som tilhengjarar.[2] Musikknettstaden Udiscovermusic nemner også blant andre The Beach Boys, The Monkees og Maroon 5 som band med ein tilsvarende karrierestart, men at desse heller ikkje kan kategoriserast som typiske gutegrupper.[3]

Kjende gutegrupper[endre | endre wikiteksten]

Gruppe Land
A1 Storbritannia/Noreg
5ive Storbritannia
Backstreet Boys USA
Jonas Brothers USA
Bay City Rollers Storbritannia
Bed & Breakfast Tyskland
Blue Storbritannia
Boys II Men USA
Boyzone Irland
Caught in the Act Storbritannia/Nederland
East 17 Storbritannia
Hanson USA
The Jackson 5 USA
New Kids on the Block USA
'N Sync USA
O-Town USA
O-Zone Moldova/Romania
Take That Storbritannia
Touché Tyskland
US5 Storbritannia/USA
Westlife Irland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]