Guttorm Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Guttorm Berge
Fødd 19. april 1929
Oppland fylke
Død

13. mars 2004
Bærum

Guttorm Berge (19. april 192913. mars 2004) var ein norsk skirennar frå Vardal i Oppland. Han fekk OL-bronsen i slalåm under vinter-OL 1952 i Oslo. Berge representerte Vardal IL og seinare Gjøvik Skiklubb.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Berge var son til bondefolk på garden Melum i Vardal. I olympiaåret 1948 vart han norsk meister i utfor og i kombinasjonen. Sidan reiste han til USA og studerte ved eit college i Vermont, der han trena i lag med nokre av dei beste alpinistane i USA. Både i 1950 og -51 vann han det såkalla Silver Belt, medan han i 1951 vart USA-meister i slalåm. Under verdsmeisterskapen i alpint i Aspen i delstaten Colorado i 1950 deltok Berge for Noreg og vart nummer åtte og beste nordmann i storslalåm.

Høgdepunktet som aktiv kom under vinterleikane i Oslo i 1952. Berge vann då bronsemedaljen i slalåm, der han sidan vart nummer 13 i storslalåm. To år seinare mislukkast han og køyrde ut i slalåmtevlinga i VM i Åre. Også under vinter-OL 1956 kom han aldri til mål, korkje i slalåm eller storslalåm. Derimot vart han i 1956 noregsmeister i nettopp dei same to disiplinane, åtte år etter han førre gongen vart norsk meister. Han la opp etter å ha vunne NM-gull i storslalåm i 1958.

Berge var busett på Høvik i Bærum, og døydde der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Guttorm Berge – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.