Guttorm Fløistad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guttorm Fløistad
Fødd28. mai 1878
Austre Moland
Død22. juli 1953
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Høgre
Yrkepolitikar, bonde
FarIvar Fløistad

Guttorm Fløistad (28. mai 187822. juli 1953) var ein gardbrukar, lensmann og politikar frå Austre Moland. Han var fyrst medlem av Arbeidarpartiet, sidan av Høgre. Frå 1913 til -15 var han stortingsrepresentant for Nedenes amt. Ivar Fløistad var far hans.

Fløistad gjekk 1895-96 på Viggo Ullmann sin folkehøgskule i Seljord, og 1897-98 landbruksskulen i Fjære. Frå 1900 var han gardbrukar på Mørfjer i Stokken, to år seinare vart han også lensmann i Stokken. I 1923 tok han over farsgarden Fløystad i Austre Moland og busette seg der. Han var lensmann for både Austre Moland og Stokken frå 1921 til 1943, då han vart avsett av NS-styret. På ny lensmann 1945-48.

Han var medlem av heradsstyret i Austre Moland 1904-1919 og 1934-1940. I perioden 1919-23 var han medlem av Stokken heradsstyre, dei tre fyrste åra var han ordførar. Mellom dei mange verva han hadde, kan ein nemne at han var formann i Aust-Agder folkevæpningssamlag 1901-10 og i Aust-Agder mjølkesentral 1931-48.

Fløistad representerte Arbeidarpartiet og Nedenes krins i Aust-Agder på Stortinget 1913-15, han var medlem av justiskomite nr 2. I den fyrste stortingsperioden etter 2. verdskrigen var han 1. vararepresentant til Stortinget for Høgre i Aust-Agder.

Fløistad vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1947.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]