Guttorm av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Guttorm Sigurdsson)
Guttorm av Noreg
Konge av Noreg
Regjeringstid1204
Fødd1199
Død11. august 1204
DødsstadTrondheim
GravstadNidarosdomen
Gift medugift
DynastiSverreætta
FarSigurd Lavard
Borningen

Guttorm Sigurdsson (norrønt Guthormr Sigurðarson; 119911. august 1204) var konge av Noreg i 1204, under borgarkrigstida.

Guttorm var son av Sigurd Lavard og soneson av kong Sverre.

Borgarkrigstida i norsk historie varte frå om lag 1130 til 1240. I denne tida pågjekk det mange ulike stridar av ymse omfang og styrke. Bakgrunnen for desse stridane var dei uklare norske tronfylgjelovene, sosiale forhold og kampen mellom ulike aristokratiske parti og mellom kyrkja og kongen. Det var for det meste to ulike flokkar, kjent ved ulike namn. Til slutt stod striden mellom birkebeinar og baglar. Midtpunktet for flokkane var som oftast ein kongsson som vart sett opp som kongsemnet til flokken.

Guttorm etterfylgde onkelen sin, birkebeinarkongen Håkon Sverresson, dagen etter at han døydde, den 2. januar 1204. Då han døydde ser det ut som om Håkon hadde kontroll over heile Noreg, men etter at han døydde, ein gong i første helvta av 1204, kom baglarane sitt kongsemne Erling Steinvegg til Vika med ein stor flokk saman med danskekongen Valdemar Sejr. Dette vart starten på den andre baglarkrigen (1204–1208).

Dagen etter at Guttorm vart konge vart Håkon galen (Hákon galinn) – ein nevø av kong Sverre – gjort til jarl og militær leiar for birkebeinane. Håkon galen vart soleis den eigentlege leiaren for birkebeinane, i og med at Guttorm berre var fire år gamal. Guttorm og birkebeinane segla til Nidaros der Guttorm vart hylla som konge på Øyratinget.

I august same året vart han sjuk og døydde. Birkebeinane kjende ikkje til nokon annan direkte etterkomar av kong Sverre, sidan dei endå ikkje visste om Håkon Håkonsson. Dei valde difor Inge Bårdsson, ein annan nevø av kong Sverre, til ny konge. Guttorm vart gravlagd i Nidarosdomen i Trondheim.

Hovudkjeldene våre til Guttorm sitt liv er baglarsoga og soga om Håkon Håkonsson, som begge vart skrivne på 1200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Noregs kongesoger bind 3: Sverre-soga (omsett av Halvdan Koht) og Soga om baglarar og birkebeinar (omsett av Gunnar Pedersen). Oslo, Samlaget 1979.
  • Noregs kongesoger bind 4: Soga om Håkon Håkonsson av Sturla Þorðarsson. Oslo, Samlaget 1979.