Guttorm Sindre
Guttorm Sindre | |
Yrke | skald, lyrikar |
Guttorm Sindre (Guthormr Sindri)[Note 1] var ein norsk skald som levde på byrjinga av 900-talet.
Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]
Han må ha levt på den tida då Harald Hårfagre var konge i Noreg, og etter som han gjorde dikt om slaget på Rastarkalv, må han ha døydd ein gong etter 955. Han skal ha vore av god ætt og han var mest truleg fødd i Noreg, men ein veit elles særs lite om livet til Guttorm Sindre.
Han er nemnt i Heimskringla, i soga om Harald Hårfagre[1] og soga om Håkon den gode[2], og han er òg nemnt i den større soga om Olav Tryggvason[3] (Ólafs saga Tryggvasonar en mesta). I Skaldatal[4] er han ført opp som skald hos Harald Hårfagre, Halvdan Haraldsson (Svarte) og Håkon den gode.
I soga om Harald Hårfagre (kapittel 37) er der ei skildring om korleis Guttorm Sindre greidde å forlike Harald hårfagre og sonen Halvdan svarte. Truleg var dette den same hendinga som Jorunn Skaldmøy dikta om, i diktet «Sendebit». Han skal ha gjort dikt både om Harald Hårfagre og Halvdan Svarte, men berre nokre vers av Håkonardråpa[5], om Håkon den gode, er kjent i dag. Dette diktet handlar om Håkon den gode sitt hærtog mot Danmark omkring 950, om innsettinga av Trygve Olavsson som konge i Vika, om sigrane over brorsønene (sønene etter Eirik Blodøks) i striden ved Avaldsnes omkring 953 og i slaget på Rastarkalv i 955.
Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]
Notar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Tilnamnet sindri kan tyde «ein som gjer sprutande gneistar». Det er namnet på ein av dvergane i norrøn mytologi, og det er òg namnet på den gode salen på Nedafjella som var bygt av raudt gull. Bakgrunnen for at skalden fekk dette tilnamnet, er ikkje kjent.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Soga om Harald Hårfagre (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
- ↑ Soga om Håkon den gode (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
- ↑ ÓLÁFS SAGA TRYGGVASONAR EN MESTA av ÓLAFUR HALLDÓRSSON (norrøn tekst)
- ↑ Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
- ↑ Hákonardrápa av Guttorm Sindre (Skaldic Project)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Bjarne Fidjestøl (1982). Det norrøne fyrstediktet. Øvre Ervik: Alvheim & Eide. ISBN 8290359071.
- Finnur Jónsson (1920). Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie 1. Købehavn: G. E. C. Gads forlag. s. 442.
- Guttorm Sindre i Norsk biografisk leksikon.