Gutzon Borglum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gutzon Borglum
Gutzon Borglum 1919.jpg
Fødd 25. mars 1867
St. Charles
Død

6. mars 1941
Chicago

Yrke bilethoggar, kunstmålar

Gutzon Borglum (fødd 25. mars 1867, daud 6. mars 1941 i Chicago) var ein amerikansk målar og bilethogaer som mellom anna er kjend for dei gigantiske presidenthovuda han skapte i Mount Rushmore i Sør-Dakota.

Borglum var fødd i St. Charles i Idaho Territory. Stamfaren var kannik i Børglum kloster ved Hjørring i Danmark.[1] Far hans, Jens Borglum, var snikkar og hadde utvandra til USA.[2] Han blei mormonar og flytta til Idaho-området, der han blei polygamt gift med to danske systrer: Den første kone hans Ida Mikkelsen og Christina Mikkelsen.[3] Då Jens Borglum bestemte seg for å flytta til ein annan delstat der polygami var forbode, valde han å skilja seg frå Christina, som han hadde sønene Gutzon og Solon med.[4] Solon Borglum (1868–1922) var òg ein kjend bilethoggar.

Gutzons liv og gerning[endre | endre wikiteksten]

Gutzon var fødd i 1867 i den avsidesliggjande staden St. Charles i Idaho, der mormonarar hadde opretta ein koloni i 1864. I 1877, då han var ti, skilde far hans seg frå mora Christina og forlét mormonismen. Jens Børglum flytta deretter med si første kone Ida og alle borna frå begge konene til Saint Louis i Missouri.[5] I Saint Louis tok han lækjarutdanning ved Missouri Medical College.[6] I 1874 flytta familien til Nebraska, der Jens Borglum blei county doctor, eller distriktslækjar, og oppretta ein legepraksis i Fremont.[7] Gutzon budde i Fremont fram til 1882, då faren sende han til St. Mary's College i Kansas. Etter eit kort opphald i Kansas vende Gutzon tilbake til Nebraska, der han gjekk i lære i ein maskinverkstad[8] og var elev ved Creighton Preparatory School.

I 1885 var Borglum elev av kunstnaren William Keith. Her møtte han medeleven Elizabeth Janes Putnam, som seinare blei hans lærar.[9][10][11] Dei to gifta seg i Los Angeles i 1889.[12] Paret reiste vidt rundt og hadde utstillingar i Europa.

Borglum studerte ved Académie Julian i Paris, der han blei kjend med Auguste Rodin og blei påvirket av den impresjonistiske stilen hans med lys-fangande overflater. I 1891 og 1892 vart verka hans stilde ut ved Parissalongen. Ekteparet blei separert i 1903 og skilde seg i 1908.

I 1909 gifta Borglum seg med Mary Montgomery Williams, som han fekk tre barn med. [3] Sonen Lincoln blei også kunstnar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mount Rushmore

Etter at han vende tilbake til USA laga Borglum skulpturar av helgener og apostlar til den nye Cathedral of Saint John the Divine i New York. I 1901 fekk han ein skulptur kjøpt opp av Metropolitan Museum of Art, den første skulpturen av ein levande amerikanar museet nokonsinne hadde kjøpt. Han utmerka seg også med portrett og vann Logan Medal of the arts.

Hovudverket til Borglum er presidenthovuda ved Mount Rushmore som han arbeidde med frå 1927 til han døydde i 1941. Av andre verk kan nemnast: Rytterstatue av sørstatsgeneral Philip Sheridan (1908), Abraham Lincoln i Kongressbygningen i Washington D.C. og Stone Mountain i Georgia (1912–1923). Arbeida med å fullføra Mount Rushmore vart leidd av sonen hans, og på det meste var 400 mann i virke med arbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. .%A6rudstillinger/tabid/143/language/da-DK/Default.aspx Gutzon Borglum – Børglum Kloster, særudstilling 2006
  2. – Pernille and Karsten over there – Karstenfilsoe.dk
  3. 3,0 3,1 Paller, Orvill (October 1990). «I Have a Question: Artists James T. Harwood, Gutzon and Solon Borglum, and Cyrus Dallin are said by some to be associated with the Church. Were they members?». Ensign: 52–54. Henta 2013-02-05. 
  4. «Borglum biography». American Experience. PBS. Henta 31. august 2017. 
  5. Price, Willadene, ‘’Gutzon Borglum: Artist and Patriot’’, copyright Willadene Price, 1961, 1972 utg. s. 10
  6. Swisher, Kaija. «The lesser-known Borglum brother?». bhpioneer.com. Henta 31. august 2017. 
  7. Howard Shaff and Audrey Karl Shaff, Six Wars at a Time: The Life and Times of Gutzon Borglum, Sculptor of Mount Rushmore, The Center for Western Studies, Augustana College, Sioux Falls, South Dakota, 1985, s. 18
  8. Smith RA. (1985). The carving of Mount Rushmore. New York: Abbeville Press Publishers
  9. «Lost L.A.: El Molino Viejo in San Marino, portrait of another era». latimes.com. 6 July 2010. Henta 31 August 2017. 
  10. Elizabeth Putnam, Gutzon Borglum, 1887, El Molino Viejo (San Marino)
  11. Watters, Sam (3 July 2010). «Lost L.A.: A view of U.S. history in 1887 El Molino Viejo photo». Henta 31 August 2017 – via LA Times. 
  12. «Sculptor Gutzon Borglum - Mount Rushmore National Memorial (U.S. National Park Service)». www.nps.gov. Henta 31 August 2017.