Guvernante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døtrene til Alexander Graham Bell, Marian og Elsia, med guvernanta si rundt 1885.

Guvernante (frå fransk gouvernante, 'ei som styrer') er ei kvinne tilsett for å undervisa og oppseda barn i eit hushald. Guvernanter var vanlege i velståande europeiske og europeiskætta familiar fram til om lag første verdskrigen. I nyare tid er dei uvanlege, men kan framleis brukast i store og velståande familiar eller hjå folk som bur svært avsides.[1]

The Governess (1851) av Rebecca Solomon. Guvernanta, i svart til høgre, peiker seg ut ved sin enkle klesdrakt og si isolerte stilling i høve til dei andre vaksne i biletet.

Historisk var guvernanter ofte «danna» kvinner som gjerne hadde dette som einaste moglege yrkesveg. Sosialt stod guvernanta i ei stilling mellom familien ho var tilsett av og tenarane deira. Dette kunne gjera henne svært isolert, noko som til dømes kan illustrerast ved at det var vanleg at guvernanter åt måltida sine åleine.

Guvernanter underviste som regel jenter og yngre gutar. Eldre gutar blei sende til kostskule eller hadde mannleg privatlærar. I tillegg til grunnleggjande skulefag som lesing, skriving og rekning kunne dei gje musikalsk eller kunstnarisk opplæring eller læra ungane eit framandspråk. Særleg fransk var vanleg, og mange henta fransktalande guvernanter for å få god språkopplæring.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Til dømes hjåsaudiske kongelege Ellis, Phyllis (2000). Desert Governess: An Inside View on the Saudi Arabian Royal Family. London: Eye Books. ISBN 1-903070-01-5. ) eller i Outback-Australia (Harris, Julia: A career as a Governess? What skills do you need?, Australian Broadcasting Corporation, 15 October 2004).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]