Guy Drut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guy Drut

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. desember 1950 (73 år)
Oignies
Yrke politikar, friidrettsutøvar
Språk fransk
Høgd 188 centimeter
Politisk parti Union pour un mouvement populaire, Rassemblement pour la République, Les Républicains
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Guy Drut på Commons
Guy Drut i 1969

Guy Drut (fødd 6. desember 1950) er ein fransk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Oignies i Pas-de-Calais som tevla internasjonalt i 110 meter hekk. Han vart europameister på distansen i 1974 og olympisk meister i 1976.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Allereie som 19-åring hevda Drut seg mot dei beste i Europa på 110 m hekk. I EM i friidrett 1969 kom han på fjerdeplass med tida 14,0. Drut sprang seg så inn i verdseliten på distansen i 1970 då han presterte tida 13,3, ein tidels sekund bakom verdsrekorden. Året etter noterte han 13,5 som bestetid. Han var likevel ein av favorittane i europameisterskapen 1971 i Helsingfors, men fall i forsøksløpet. Under sommar-OL 1972 i München tok Drut sølvmedaljen på 110 meter hekk, slått av Rod Milburn frå USA.

Drut var den beste korthekkløparen i Europa i åra fram til OL-sesongen 1976. I 1974 tangerte han to gongar europarekorden på 13,2 sekundar, fyrste gongen i Paris den 3. juni. Tre månader etter vann han gullmedaljen i friidretts-EM 1974 med stor margin til Wodzyński-brørne frå Polen som fekk dei andre medaljane. To år seinare toppa Drut EM-prestasjonen då han vann OL-gull i Montreal i 1976 framom Alejandro Casañas frå Cuba og Willie Davenport frå USA.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ei tid etter han la opp som idrettsutøvar engasjerte Drut seg i politikk. Han var såleis ungdoms- og idrettsminister frå 1995 til -97, i ei høgre-konservativ regjering leia av statsminister Alain Juppé.

I 2005 vart Drut dømd til 15 månaders betinga fengsel for korrupsjon, benåda av president Jacques Chirac i 2006.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]