Guy Fawkes Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Feiring ved Windsor Castle, måla av Paul Sandby cirka 1776.

Guy Fawkes Night (òg kalla Guy Fawkes Day, Bonfire Night[1], Plot Night[2] og Firework Night[3]) er ei høgtid som har blitt feira sidan 5. november 1606 i Storbritannia til minne om den såkalla krutsamansverjinga. Feiringa kan minna om valborgsnatta, men eit viktig skilje er at ein ofte brenn ei dokke på bålet, ei halmdokke som typisk framstiller Guy Fawkes, som fekk skulda for samansverjinga.

Markeringa var opphavleg ein protestantisk protest mot katolsk helgenfeiring.

Til minne om konspirasjonen blei det laga eit kjent dikt som lyder:

Remember remember the fifth of November
Gunpowder, treason and plot.
I see no reason why gunpowder, treason
Should ever be forgot.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hutton 2001
  2. Fox & Woolf 2002
  3. Cressy 1992
  4. «Remember Remember the Fifth of November rhyme». 

Trykte kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Cressy, David (1992) (på engelsk). "The Fifth of November Remembered" i Roy Porters Myths of the English. Cambridge: Polity Press. ISBN 0745608442 
  • Fox, Adam; Woolf, Daniel Robert (2002) (på engelsk). The spoken word: Oral culture in Britain, 1500–1850. Manchester: Manchester University Press. ISBN 0719057477 
  • Hutton, Ronald (2001) (på engelsk). The stations of the sun: A history of the ritual year in Britain. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0192854488