Guy Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guy Krohg
Guy Krogh 1966.jpg
Fødd 27. juli 1917
Død

19. oktober 2002

Yrke illustratør, kunstmålar, scenograf, biograf
Guy Krohg på Commons
Guy Krohgs plakat til teaterstykket «Hets», 1948

Guy Krohg (27. juli 191719. oktober 2002) var ein norsk målar, illustratør og scenograf. Han var son til Per Krohg, og frå 1949 gift med skodespelaren Sossen Krohg.

Guy Krohg var fødd i Oslo, men voks opp i Frankrike. Han studerte med far sin på Statens håndverks- og kunstindustriskole, seinare gjekk han også på Statens kunstakademi. Han debuterte på Høstutstillingen i 1937.

Livsverket til Krohg omfattar mellom anna fleire større utsmykkingsoppdrag: Stavanger Krematorium, Kongeskipet «Norge», Folketeatret i Oslo og fleire cruiseskip. Han laga scenografien til mange skodespel ved Nationaltheatret, Det Norske Teatret, Studioteatret, og Oslo Nye Teater.

Han er representert i Nasjonalgalleriet med Vintersol frå 1954, samt fleire andre verk. Mange av motiva i måleria er henta frå Paris.

I 1995 gav han ut ein biografi om faren Per Krohg; Guy Kroghs minner gjennom sin fars kunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]