Guayanaskjoldet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Guyanaskjoldet)
Avgrensing av Escudo guayanés.

Guayanaskjoldet (spansk el Escudo Guayanés) er eit to milliardar år gammalt prekambrisk grunnfjellsskjold, eit av dei eldste på jorda. Det ligg i nordaustre Sør-Amerika som strekkjer seg frå Colombia i vest til nordre Brasil i aust og dannar ein del av den nordlege kysten av Sør-Amerika.[1]

Høglandet i Guyanas dekkjer det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana og delar av Colombia, Venezuela og Brasil.

Cañon del Diablo i Venezuela.

På skjoldet finst platåfjell (tepuis). Det høgste er Roraima, 2 810 moh. Dessutan finst fjellet Pico da Neblina heilt i utkanten på 2 994 moh. Her finst fleire spektakulære fossar som Angelfossen (980 meter), Kukenanfossen (600 m) og Keiateurfossen (250 m).

Høglandet er dekt av dei største urørte regnskogsområda i verda og vert skydd av fleire store nasjonalparkar. Guayanaskjoldet har svært høg biodiversitet og mange endemiske arta. Det finst over 3000 virveldyrarta: 1168 ferskvassfisk, 269 amfibiar (54 % endemiske), 295 reptil (29 %), 1004 fuglar (7,7 %) og 282 pattedyr (11 %).[2][3] Virvellause dyr er dårleg dokumenterte, men det finst fleire endemiske sommarfuglar og gjødselbiller.[4][5] Dt er registrert 13 367 artar av karplantar, rundt 40 % er rekna som endemiske.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hammond, David S. (ed.) (2005) Tropical Forests of the Guiana Shield CABI Publishing, Wallingford, UK, ISBN
  2. Hollowell, T.; Reynolds, R.P. (2005). «Checklist of the Terrestrial Vertebrates of the Guiana Shield» (PDF). Bulletin of the Biological Society of Washington 13. 
  3. Vari, R.P.; Ferraris Jr., C.J.; Radosavljevic, A.; Funk, V.A. (2009). «Checklist of the freshwater fishes of the Guiana Shield» (PDF). Bulletin of the Biological Society of Washington 17. 
  4. Ferrer-Paris, José R; Lozano, Cecilia; Cardozo-Urdaneta, Arlene; Thomas Cabianca, Arianna (2016). «Indicative response of Oxysternon festivum Linné (Coleoptera: Scarabaidae) to vegetation condition in the basin of the Orinoco river, Venezuela». Journal of Insect Conservation. in press (3): 527–538. doi:10.1007/s10841-016-9886-6. 
  5. Costa, Mauro; Viloria, Ángel L.; Hubber, Otto; Attal, Stéphane; Orellana, Andrés (2013). «Lepidoptera del Pantepui. Parte I: Endemismo y caracterización biogeográfica». Entomotropica 28 (3): 193–217. Henta 25 June 2016. 
  6. Funk, V.; Hollowell, T.; Berry, P.; Kelloff, C.; Alexander, S.N. (2007). «Checklist of the Plants of the Guiana Shield (Venezuela: Amazonas, Bolivar, Delta Amacuro; Guyana, Surinam, French Guiana)» (PDF). Contributions from the United States National Herbarium 55. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Guayanaskjoldet