Guz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Guz eller gaz (hindi for stokk eller målestav) er ei gammal indisk måleining for lengd av vekslande storleik. På 1500-talet, under stormogul Akbar, vart lengda fastsett til 84 cm, men då mogulriket gjekk i oppløysing, kom på ny andre verdiar i bruk. Under engelsk styre vart ein guz sett lik ein yard (91,4 cm) i Bengal og Nepal. I Madras vart 84 cm framleis brukt, medan ein i Bombay brukte 1 guz = 68 cm. Meter vart innført som standard lengdeeining over heile India i 1966.

Guz vart brukt som namn på lengdeiningar over heile Sørvest-Asia, men storleiken varierte frå stat til stat, mellom 36 cm og 112 cm. I Iran var ein guz (òg kalla zer) 104 cm, men vart i 1925 sett lik ein meter. I Arabia var ein guz vanlegvis 63 cm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Guz» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.