Gwen John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gwen John
Gwen John - Self-Portrait.jpg
Sjølvportrett, 1902
Fødd 22. juni 1876
Haverfordwest
Død

18. september 1939
Dieppe

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, biletkunstnar, modell

Gwendolen Mary John (22. juni 187618. september 1939) var ein britisk målar, fødd i Haverfordwest i Wales, som i størstedelen av livet måla i Frankrike.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gwen John studerte i tre år på Slade School of Art i London, før ho i fire månader var i lære hos James Whistler i Paris. I 1899 reiste ho tilbake til London, men slo seg i 1904 for godt ned i Frankrike. Frå 1911 budde ho i Meudon, ein forstad til Paris. Ho konverterte til katolisismen i 1913: «Religionen min og kunsten min er livet mitt».

'Rekonvalesenten', ca. 1923-24
'Katt', 1904-08

Arbeida hennar omfattar i hovudsak portrett av unge kvinner, mellom dei også av nonner. Nesten alle dei 158 kjende oljemåleria er i småformat, berre sjeldan over 60 centimeter i lengde eller høgde. Derimot finst det i tusental av teikningar og ei heil mengd akvarellar.

Offentleg var Gwen John lite kjend i samtida, hennar einaste separatutstilling fann stad på New Chenil Galleries i London. Frå 1960-åra har verk av henne vorte synt fram på fleire store utstillingar.

Ho døydde i Dieppe, straks etter utbrotet av andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]