Gwen Torrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gwen Torrence
Statsborgarskap USA
Fødd 12. juni 1965 (58 år)
Atlanta
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Gwen Torrence, fullt namn Gwendolyn Lenna Torrence, (fødd 12. juni 1965) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Decatur i Georgia som deltok på sprintdistansane. Ho vann i tida 1992-96 tre OL-gull og like mange VM-gull. Gjennom seks sesongar sikra ho seg i alt 13 medaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar. Torrence sine personlege rekordar på distansane 100 m, 200 m og 400 meter er høvesvis 10,82 frå 1994 og 21,72 og 49,64, begge oppnådd i 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Torrence meisterskapsdebuterte med å verte nummer fem på 200 m ved VM i friidrett 1987. Året etter kom ho under OL 1988 i Seoul i mål til femte- og sjetteplass på dei to kortaste sprintdistansane. Under friidretts-VM 1991 i Tokyo tok Torrence sølvmedaljen på både 100 m og 200 meter. I begge tevlingane måtte ho sjå seg slått av tyske Katrin Krabbe med høvesvis fire og sju hundredels sekund, medan ho sjølv viste Merlene Ottey frå Jamaica til bronsemedaljar, med ein margin på tre og fem hundredels sekund.

Under Sommar-OL 1992 i Barcelona deltok Torrence i fire øvingar. Ho vart olympisk meister på 200 meter då ho vann klart framom jamaicanarane Juliet Cuthbert og Merlene Ottey. Sidan sprang ho USA inn til gull på 4 × 100 m stafett, fattige fem hundredels sekund framom Sovjetunionen, etter at Evelyn Ashford, Esther Jones og Carlette Guidry hadde gjort unna dei tre fyrste etappane. På 4 × 400 meter stafett tok ho sølv saman med Natasha Kaiser, Jearl Miles og Rochelle Stevens.

Ved friidretts-VM 1993 tok Torrence sølv på 200, to hundredels sekund bakom Merlene Ottey, og fekk bronsemedaljen på 100 m. Ho tok seg så av den andre etappen for USA då Russland og USA fekk same tid på den korte stafetten, 41,49 sekundar og meisterskapsrekord; dei russiske kvinnene vart tilkjent sigeren.

I 1995 vann Torrence gull på 100 metter framom Merlene Ottey og russiske Irina Privalova, og ho vart diskvalifisert i 200 m-finalen. Til sist i meisterskapen sprang ho Celena Mondie-Milner, Carlette Guidry, Chryste Gaines og seg sjølv inn til gull på den korte stafetten, 0,13 sekund føre Jamaica.

Då dei olympiske sommarleikane 1996 fann stad i heimstaten Georgia kom Torrence på tredjeplass på 100 meter, 0,02 sekund bak landsmannen Gail Devers og Merlene Ottey. Ho avslutta olympiaden med å verte olympisk meister i 4 × 100 m stafett, saman med Devers, Inger Miller og Chryste Gaines.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Nr 5 på 200 m - 22,40
  • OL 1988 i Seoul: Nr 5 på 100 m – 10,97, og nr 6 på 200 m – 22,17
  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedaljar på 100 m – 11,03, og på 200 m – 22,16
  • OL 1992 i Barcelona: Gullmedaljar på 200 m – 21,81, og 4 x 100 m stafett. Nr 4 på 100 m – 10,86, sølvmedalje i 4 x 400 m stafett
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedaljar på 200 m -22,00, og 4 x 100 m stafett, bronse på 100 m – 10,89
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedaljar på 100 m – 10,85, framom Merlene Ottey (10,94), og 4 x 100 m stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Bronse på 100 m – 10,96, gull i 4 x 100 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]