Gwenno Saunders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gwenno Saunders
The Pipettes - Gwennoi.jpg
Fødd23. mai 1981
FødestadCardiff
OpphavStorbritannia
Aktiv2002–
Sjangerelektropop
Instrumentvokal
PlateselskapPeski Records, Heavenly Recordings
Verka somsongar, musikar
FarTim Saunders

Gwenno Mererid Saunders (fødd 23. mai 1981 i Cardiff) er ein britisk songar og keyboardspelar, kjend under artistnamnet Gwenno. Ho har laga songar på engelsk, walisisk og kornisk. Gwenno har både drive som soloartist, og som medlem av indiepopgruppa The Pipettes.

Ho gav ut det første albumet sitt, det walisiskspråklege Y Dydd Olaf, i 2015. I 2018 følgde ho opp med det korniskspråklege Le Kov.[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Saunders er fødd i Cardiff.[3] Foreldra hennar er den korniske diktaren og språkforskaren Tim Saunders[4] og Lyn Mererid, ein aktivist, omsetjar og medlem av koret Côr Cochion Caerdydd.[5] Under oppveksten snakka far hennar kornisk medan mora snakka walisisk med henne.[6] Gwenno talar begge språka flytande.[7][8][9]

Frå ho var fem år gammal var Gwenno elev ved Seán Éireann-McMahon Academy of Irish Dance.[10] Ho tok del i Michael Flatley sine produksjonar av Lord Of The Dance[11] og Feet of Flames då ho var 17, med ei hovudrolle i ei oppsetting av den førstnemnde i Las Vegas.

I 2001 hadde ho ei rolle i såpeoperaen Pobol y Cwm på den walisiskspråklege kanalen S4C. På same kanal blei ho seinare programleiar fr Ydy Gwenno'n Gallu...? 18. april 2019 presenterte ho radioprogrammet Songs from the Edgelands om songar på minoritetssprål på BBC Radio 4.[12]

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

I åra før ho blei med i Pipettes verka Gwenno solo som electropopsongar. Ho song for det meste på walisisk og kornisk, og gav ut to EP-ar, Môr Hud[13] (2002) og Vodya[14] (2004).[15]

Ho representerte Cornwall i songtevlinga Liet International i 2003, og van People's Choice-prisen for framføringa av «Vodya». I desember 2004 filma Gwenno songen «Ysolt y'nn Gweinten» med Celtic Legend for Classic FM TV. Dette skal ha vore den første videoen produsert på kornisk. Teksten blei skriven av faren, Tim Saunders, medan musikken blei skriven av den korniske musikaren Chris John Payne, som tidlegare hadde arbeidd med Gary Numan.

The Pipettes[endre | endre wikiteksten]

Gwenno blei med i The Pipettes i april 2005 etter at Julia Clarke-Lowes forlét gruppa. Ho song hovudvokal på singelen «Pull Shapes» og kor på «Your Kisses Are Wasted on Me».

I april 2008 blei Gwenno si yngre syster Ani og songaren Anna McDonald med i Pipettes, etter Rose Dougall og Rebecca Stephens forlét henne. Gruppa blei oppløyst i 2011.

Etter Pipettes[endre | endre wikiteksten]

Veggmåleri til ære for det første soloalbumet til Gwenno, Y Dydd Olaf, i Cardiff.

Gwenno fortsette å arbeida med solomateriale medan ho var med i The Pipettes, og lasta opp ein del på Myspace. Minialbumet U & I blei tilgjengeleg for gratis nedlasting i oktober 2007.

I 2012 turnerte Gwenno som synthesizer-spelar for den australske gruppa Pnau.[16][17]

I juni 2012 gav Gwenno ut ein walisiskspråkleg EP, Ymbelydredd, med fem songar. Han var tilgjengeleg som handmåla kassettar på Peski Records.[18] I 2013 var Gwenno med på The Boy Least Likely To sitt album The Great Perhaps, der ho song på «It Could Have Been Me».

Ho gav ut sitt første lange soloalbum, Y Dydd Olaf, i oktober 2014 på Peski Records.[19] Songane på albumet var på walisisk, bortsett frå den siste, som var på kornisk.[20] Tittelen på albumet, som tyder 'Den siste dagen', kjem frå ei walisisk science fiction-bok skriven av Owain Owain.[21]

Det første opplaget av albumet blei raskt seld ut.[22] I mai 2015 skreiv ho kontrakt med Heavenly Recordings. Plateselskapet gjenutgav debutalbumet hennar i juli same året.[23][24] Albumet vann Best Welsh Album ved National Eisteddfod 2015.[25] I november vann det Welsh Music Prize 2014–2015.[26]

Gwenno Saunders har også vore medprodusent og programleiar for eit walisisk radioprogram på Cardiff Radio, Cam O'r Tywyllwch ('Eit steg unna mørkret') med kollegaer frå Peski Records.[27] Gruppa stod bak musikkfestivalen CAM '15 i Cardiff, som gjekk føre seg i april 2015. Her opptredde mellom anna den walisiske post-punkgruppa Datblygu for første gong på over 20 år.[28]

I mars 2018 gav Gwenno ut eit album på kornisk, Le Kov, som tyder ‘Minnestaden’.[20] Albumet er inspirert av korniske soger, stader og uttrykk.[29] Albumet har bidrag frå Gruff Rhys frå Super Furry Animals. Den langvarige samarbeidspartnaren og ektemaken til Gwenno, Rhys Edwards, er medkomponist på mange av songane og produsent for albumet.[30] Han produserte òg det første albumet hennar.[31]

Det korniske språkrådet Kesva an Taves Kernewek hevda i oktober 2018 at albumet Le Kov hadde bidrege til ein auke på 15 % i talet på personar som tok eksamen i kornisk det året.[32]

Privat[endre | endre wikiteksten]

Saunders er gift med musikkprodusenten Rhys Edwards,[33] og har ein son.[34]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med The Pipettes[endre | endre wikiteksten]

År Album Salslisteplassering
UK
2006 We Are The Pipettes 41
2010 Earth vs. The Pipettes

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Format Språk
2014
2015
Y Dydd Olaf Peski, Heavenly Digital nedlasting, CD, vinyl walisisk, kornisk
2018 Le Kov Heavenly Digital nedlasting, CD, vinyl kornisk

Solo-EP-ar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Format Språk
2002 Môr Hud Recordiau Sain Digital nedlasting walisisk, kornisk, engelsk
2003 Vodya Recordiau Sain Digital nedlasting walisisk, kornisk, engelsk
2007 U & I ingen Digital nedlasting engelsk
2012 Ymbelydredd Peski Digital nedlasting, kassett walisisk

Opptrer på[endre | endre wikiteksten]

År Namn Merknad
2003 I'r Brawd Hwdini Samling av nye opptak av songar av Meic Stevens[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gwenno - Y Dydd Olaf». Discogs. Henta 22. februar 2016. 
  2. Empire, Kitty (7. august 2016). «Gwenno review – diversity for the ear». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  3. «Sweeping The Nation: A Friendly Chat With... Gwenno». Sweepingthenation.blogspot.com. 7. juli 2006. Henta 13. august 2015. 
  4. «Gwenno». BBC Wales. Arkivert frå originalen 21. desember 2007. Henta 6. oktober 2008. 
  5. Snapes, Laura (8. september 2015). «Gwenno: the ex-Pipette is leading the Welsh-speaking music revival». The Guardian. Henta 6. april 2018. 
  6. Williams, Holly (12. april 2018). «The rebirth of Britain's lost languages». BBC. Henta 12. april 2018. 
  7. Price, Bernadette. «Gwenno at the Celtic Cafe». Celtic Cafe. Arkivert frå originalen 11. juni 2009. Henta 18. juni 2016. 
  8. «Gwenno - in tune, in Cornish!». BBC Cornwall. september 2003. Arkivert frå originalen 19 February 2011. Henta 6. oktober 2008. 
  9. «Gwenno » Artists». WOMAD. Arkivert frå originalen 23 July 2012. Henta 13. august 2015. 
  10. «Principal Dancers Troupe Three». Arkivert frå originalen 19. august 2003. 
  11. «Dotty about The Pipettes». Manchester Evening News. 15. februar 2007. Henta 29. august 2015. 
  12. Radio Times; 13-19 April 2019
  13. «iTunes - Music - Môr Hud - EP by Gwenno». Phobos.apple.com. 1. januar 2002. Henta 13. august 2015. 
  14. «iTunes - Music - Vodya - EP by Gwenno». Phobos.apple.com. 1. januar 2003. Henta 13. august 2015. 
  15. «Steddfod yn Stuffy». BBC Cymru Wales (på walisisk). 2003. Henta 13. august 2015. 
  16. Gregory, Amelia (6. september 2012). «Ymbelydredd EP: An interview with Gwenno Saunders». Amelia's Magazine. Henta 13. august 2015. 
  17. «Gwenno». Peski. Arkivert frå originalen 11. august 2015. Henta 13. august 2015. 
  18. «Gwenno — Home». Gwenno.bigcartel.com. Henta 13. august 2015. 
  19. «Gwenno / Y Dydd Olaf». Peski. 2014. Arkivert frå originalen 5. juli 2015. Henta 18. juni 2016. 
  20. 20,0 20,1 «Gwenno - Le Kov», Heavenly Emporium (på engelsk), henta 3. mai 2019 
  21. «Gwenno». nme.com. Time (Inc.) U.K. 10 May 2015. 
  22. «Interview: Gwenno». www.tyci.org.uk. Arkivert frå originalen 2018-02-06. 
  23. Kenneally, Cerys (11. mai 2015). «Welsh singer Gwenno signs to Heavenly and releases sci-fi inspired track, "Patriachaeth"». The Line of Best Fit. Henta 6. september 2015. 
  24. «HVNLP118 Gwenno 'Y Dydd Olaf'». Heavenly Recordings. 22. juni 2015. Henta 13. august 2015. 
  25. «2015 News». The National Eisteddfod of Wales. 8. august 2015. Arkivert frå originalen 25 September 2015. Henta 6. september 2015. 
  26. «Nominees Archives». Welsh Music Prize. Henta 5. oktober 2015. 
  27. «Cam o'r Tywyllwch». SoundCloud. Henta 13. august 2015. 
  28. «CAM'15». Camfestival.Wales. Archived from the original on 4. mars 2016. Henta 13. august 2015. 
  29. «Gwenno - Le Kov», The Drift Record Shop, henta 3. mai 2019 
  30. «Le Kov - Gwenno | Songs, Reviews, Credits», AllMusic (på engelsk), henta 3. mai 2019 
  31. «Y Dydd Olaf - Gwenno | Songs, Reviews, Credits», AllMusic (på engelsk), henta 3. mai 2019 
  32. «Gwenno 'sparks record numbers' in Cornish exams». BBC News. 20. oktober 2018. 
  33. «Introducing GWENNO | The Electricity Club». www.electricity-club.co.uk. Arkivert frå originalen 20 August 2016. Henta 8. august 2016. 
  34. Owens, David (26. november 2015). «Welsh Music Prize Winner named as Gwenno Saunders for sci-fi inspired album». Henta 8. august 2016. 
  35. «Various - I'r Brawd Hwdini». Discogs. Henta 23. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gwenno Saunders