Gyda Voss
Gyda Voss | |
![]() | |
Fødd | 27. september 1871 Oslo |
Død |
4. desember 1961 (90 år) |
Yrke | kunstmålar |
Far | Peter Voss |
Gyda Kathrine Voss (27. september 1871–4. desember 1961)[1] var ein norsk målar frå Oslo. Ho måla portrett, figurar og ein del landskapsmåleri.[2]
Ho var dotter av skulemannen Peter Christiansen Voss og Elisabeth Marie Magelsen.[2] Frå 1894 til 1896 var ho elev ved Kunstakademiet i København. Ho studerte også i Italia og i Paris. Verk ho laga i ungdommen var gjerne mørkvorne og naturalistiske. I seinare arbeid var stilen meir impressiv og lysar, med ei mindre presis form.[2]
Ho deltok på Haustutstillinga i ulike år frå 1899 til 1951.[2] Ved Haustutstillinga i 1913 hadde ho to bilde: Ung fransk pike og Gammel kone.[3]
Gyda Voss er representert i Nasjonalgalleriet med to måleri, Italienerbarn og Gammel kone. Eit portrett ho måla av far sin i 1901 heng i Oslo Bymuseum.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Graver på Vestre Gravlund
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Gyda Katrine Voss». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Høstutstillingen 1913 Katalog side 23 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 14. februar 2016, henta 6. juni 2022
- Denne artikkelen bygger på «Gyda Voss» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Hvem da?. Artikkel i Aftenposten 27. november 2012 side 53