Gyldenløvefeiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk erobring av Christianstad 1686

Gyldenløvefeiden er nemninga på krigshandlingane mellom Sverige og Danmark-Noreg frå 1676-1679. Denne delen av den skånske krigen har fått namn etter Ulrik Frederik Gyldenløve som var halvbror til kong Christian V, og som på den tida var statthaldar i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gyldenløvefeiden var i hovudtrekk ei rekke norske manøvrar i Bohuslän der ein freista å ta attende det ein hadde mista i Krabbekrigen og ved freden i København i 1660. Ein periode hadde ein mista Trøndelag til Sverige, og heller ikkje hadde Danmark-Noreg makta å ta attende Jämtland og Härjedalen. Men det aller viktigaste for Christian V å vinne attende var Skåne. Tanken at den norske invasjonen i Bohuslän skulle distrahere svenskane og legge grunnen for eit større dansk inntog i Skåne.

Norsk frammarsj 1676[endre | endre wikiteksten]

Halden med Fredrikssten festning fungerte som støttepunkt for dei norske styrkane. Her vart dei utstyrt og proviantert før innmarsj i Sverige. Hit vart òg dei daude og såra norske soldatane frakta attende. Krigshandlingane starta ved at danske styrkar gjorde landgang i Skåne på forsommaren 1676. Dette var klarsignalet for dei norske styrkane som låg ved Halden. Frå norsk side var det i første rekke statthaldaren sjølv samt oberst Tønne Huitfeldt som leia dei landbaserte styrkane medan den suksessrike viseadmiral Mathias Bjørn kommanderte ein solid marinestyrke. Gyldenløve invaderte Sverige med ein styrke på 1000 dragonar og 4000 fotsoldatar og tok snart Uddevalla og Vänersborg.

Tilbaketrekking 1676/1677[endre | endre wikiteksten]

Nordmennene hadde så langt hatt små tap, og allereie i juni stod Gyldenløve klar til å gå inn i Göteborg, men måtte trekke seg då han mangla tungt artilleri, krigsflåten hadde ikkje rukke å koma til forsterking frå sjøsida og dei danske styrkane lenger sør hadde no gått på ei rekke nederlag og kunne ikkje koma han til støtte. Dei norske troppane trekte seg først attende til Uddevalla og deretter heilt til Svinesund. Dei overvintra der, samt i områda ved Halden og Fredrikstad.

Ny offensiv 1677[endre | endre wikiteksten]

Våren 1677 skulle ein på ny med felles dansk-norsk innsats freiste å sikre herredømme over Göteborg. Den norske styrken talte no i alt 16.000 mann, og medan det hittil hadde vore folket i Smålenene som hadde måtte bidra med forsyningar og middel til hæren, byrja ein no å pålegge borgarane i Kristiania krigsskatt for å finansiere ein ny offensiv. Ein del streiftog i Värmland og Dalsland skulle hindre svensk troppesamling, samt sette svenske militære installasjonar ut av spel. Gyldenløve gjekk over Svinesund med 5000 mann, og inntok raskt Uddevalla på nytt utan særleg motstand. Ein del hærstyrkar vart sett att i stilling her, medan resten gjekk mot Marstrand der ein gjekk til åtak i juli.

Åtaket på Marstrand[endre | endre wikiteksten]

Byen Marstrand og skansen på Gustavsberg vart tekne 18. juli 1677, medan festninga Carlsten heldt stand. Dei norske styrkane hadde likevel god tid til å bringe fram tungt artilleri og organisere åtaket på sjølve festninga. 23. juli kapitulerte kommandant Sinclair og nordmennene kunne føre opp enno ein viktig siger i krigen.

Svensk motoffensiv hausten 1677[endre | endre wikiteksten]

Vänersborg hadde vore på svenske hender etter den norske tilbaketrekkinga året før. Herifrå gjorde svenskane no eit utfall for å prøve å ta Uddevalla attende. 29. august 1677 kom det til eit slag mellom 5-6000 norske soldatar og eit noko større tal svenske. Nordmennene var no godt trena og krigsvante og påførte dei svenske styrkane eit stort nederlag.

Svenskane vinn fram[endre | endre wikiteksten]

På eit tidspunkt i 1676 hadde dei danske troppane kontroll over heile Skåne, med unntak av Malmö. Dei svenske styrkane var dregne attende til Småland, og hadde så langt berre greidd å vinne små uthaldande slag. Men den svenske kong Carl XI synte seg å ha gode evner som feltherre, og medan nordmennene heldt kontrollen over Bohuslän, vann svenskane stadig meir attende av dei sørlege områda. Det norske felttoget har isolert sett vore ein suksess, men dei danske tapa i Skåne og storpolitikken i Europa for øvrig gjer at ein i 1679 får ein avslutning av krigen som i hovudsak går i svenskane sin favør.

Freden i Lund[endre | endre wikiteksten]

Freden i Lund vart inngått i 1679 utan at Sverige måtte avstå land til Danmark-Noreg. Til tross for at norske styrkar i praksis hadde heile Bohuslän under kontroll, vart denne krigsinnsatsen dermed meir som ein historisk parentes å rekne.