Gymsokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gymsokkar i ulike fargar.

Ein gymsokk eller turnsokk er ein mellomting av sokkar og skor, fottøy av klede med ein sklisikker sole av skinn eller plastikk. Den svenske verksemda Nowali byrja å laga gymsokkar under namnet Sockiplast i 1953. Medan gymsokkar går til okla, er turnsokkar skorne lågare.

Sokkane kan brukast til å springa og dansa utan å skli på glatte underlag, som i gymsalar og symjehallar. Dei kan å brukast utandørs, til dømes til bading i sjøen. Det er særleg ungar som bruker gymsokkar.

Gymsokkar er i slekt med japanske tabisokkar.