Gypsy av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gypsy
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Mirage
B-side

«Cool Water»

Utgjeve 4. september 1982
Innspelt 1981
Sjanger Rock, softrock
Lengd 4:24
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Lindsey Buckingham
Fleetwood Mac
Ken Caillat
Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi 
«Hold Me»
(1982)
Gypsy «Oh Diane»
(1982 UK)

«Love in Store»
(1982 USA)


«Gypsy» er ein song av rockegruppa Fleetwood Mac. Stevie Nicks skreiv songen kring 1979 og den tidlegaste demoinnspelinga vart gjort tidleg i 1980 med Tom Moncrieff med tanke på den første soloplata hennar, Bella Donna. Men då venen til Nicks, Robin Anderson, døydde av leukemi fekk songen ei ny tyding og Nicks valde å spare han til Fleetwood Mac. «Gypsy» var den andre singelen og den største hitten som kom ut frå albumet Mirage. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 i USA.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy og var den dyraste musikkvideoen som var laga til då. Han vart filma på fleire stader, mellom anna detaljerte bilete i ein skog, og kravde mange kostyme og dansarar. Han var den første «World Premiere Video» som vart vist på MTV i 1982.

B-side[endre | endre wikiteksten]

B-sida til singelen var «Cool Water,» ei akustisk utgåve med Buckingham og John McVie på solovokal. Dette var ein av få gonger McVie song på ein Fleetwood Mac-song. Songen vart skriven i 1936 av Bob Nolan. Fleetwood Mac-versjonen vart gjeven ut på samlealbumet Revenge of the Killer B's, Volume 2,[1].

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Viglione, Joe. «Revenge of the Killer B's Review». Allmusic. Henta 219. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]