Hopp til innhald

Gyromagnetisk effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gyromagnetisk effekt er ein effekt som syner samanhengen mellom magnetisering og dreiemoment eller mellom spinn (rørslemoment) og magnetisk moment. Effekten kan påvisast i ferromagnetiske material, sidan ei forandring av magnetiseringsretninga til ein stav kan medføre ei målbar endring i rotasjonstilstanden til staven. Dette vart først vist av Samuel Jackson Barnett i 1914.

  • «gyromagnetisk effekt». Store norske leksikon.