Gösta Adrian-Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gösta Adrian-Nilsson

Fødenamn Gösta Adrian Nilsson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 2. april 1884
Lund i Skåne
Død

29. mars 1965 (80 år)
Stockholm

Yrke skribent, kunstmålar, lyrikar
Gösta Adrian-Nilsson på Commons

Gösta Adrian-Nilsson, òg kalla GAN, (fødd 2. april 1884 i Lund, død 29. mars 1965 i Stockholm)[1] var ein svensk målar og forfattar. Adrian-Nilsson signerte arbeida sine GAN. Han vert rekna for å vere ein pioner for abstrakt og modernistisk kunst i Sverige. Han skreiv også dikt, noveller og barnebøker.

GAN er bland anna representert på Nationalmuseum[2] og Moderna museet[3] i Stockholm, Göteborgs konstmuseum[4], Kalmar konstmuseum[5], Malmö konstmuseum, Prins Eugens Waldemarsudde[6] og Kulturen i Lund.[7] På det sistnemnde museet dannar verka til GAN, i lag med dei til sølvsmeden Wiven Nilsson, grunnstammen i ei permanent utstilling om modernismen. Dei etterlatne papirar hans er ved Universitetsbiblioteket i Lund.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gösta Adrian Nilsson var fødd i Lund i Skåne. Han voks opp i Lund i ein del av byen som er blitt Nya stan, eller Nöden på folkemunne.[7]

Han utdanna seg ved Teknisk Selskabs Skole i København og Zahrtmanns Skole på Kunstnernes Studieskole ved Akademiet København. Han gjorde også mange studie- og arbeidsreiser i utlandet, mellom anna til Berlin og Köln 1912-1914, der han vart påverka av arbeida til Vasilij Kandinskij og Franz Marc. Han utvikla si eiga form for ekspressiv kubisme der fascinasjonen hans for moderne teknologi og maskulin styrke fekk uttrykk. Mannlege idrettsutøvarar og sjømenn var hyppige motiv. Det var også skip, hamner og jarnbane. Uttrykket fekk drag av futurisme og konstruktivisme.

Mellom 1920 og 1925 budde og arbeidde han i Paris og der kom han i kontakt med Fernand Léger. På 1930-talet vart måleria hans surrealistiske, og på 1940-talet vart kunsten hans heilt abstrakt.

I ei dagbok han etterlét seg kalla GAN seg sjølv for ein outsider.[7] Dette er blitt tolka av kunsthistorikarar som ei tilvising til at han fekk til dels mykje kritikk av svensk presse for sin modernistiske kunst, men også at han var homofil i ei tid då dette var tabubelagt[7] og direkte forbode i Sverige. Han valde å skapa ein slags protestkunst[7] der valet av motiv, som maskuline sjømenn, idrettsfolk og militære kan tolkast som eit uttrykk for den seksuelle legninga hans.[7] Dette blir bekrefta i dagbøkene hans, der GAN sjølv fortel at særleg sjømennsmåeria stamma frå erotiske opplevingar.[7]

Representert ved mellom anna desse samlingane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sveriges dödbok 1901-2013 Swedish death index 1901-2013, Sveriges släktforskarförbund, Solna 2014 (swe). ISBN 9789187676642. Libris 17007456. 
  2. Nationalmuseum
  3. Moderna museet
  4. Göteborgs konstmuseum
  5. Kalmar konstmuseum
  6. Prins Eugens Waldemarsudde
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Ahlstrand, m fl, Jan Torsten: GAN Gösta Adrian-Nilsson perioden 1914-1932, Mjellby Konstgård Halmstadgruppens museum, 2002. ISBN 91-631-2360-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Jan Torsten Ahlstrand: GAN : Gösta Adrian-Nilsson : perioden 1914–1932
  • Jan Torsten Ahlstrand: GAN : 1884-1920 : Gösta Adrian-Nilsson : Modernistpionjären från Lund. ISBN 91-85330-71-X