Göttingen

Koordinatar: 51°32′0″N 9°56′0″E / 51.53333°N 9.93333°E / 51.53333; 9.93333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Göttingen
Markedsplassen i Göttingen
Markedsplassen i Göttingen
Markedsplassen i Göttingen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Göttingen
Göttingen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Göttingen
Grunnlagd 1150-1200
Geografi
Flatevidd
 - By

117,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

129 151
  1 101/km²
Koordinatar 51°32′0″N 9°56′0″E / 51.53333°N 9.93333°E / 51.53333; 9.93333
Høgd over havet 138-426 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 37001-37085
Telefon-retningsnummer 0551
Bilnummer
Heimeside: www.goettingen.de

Göttingen (plattysk Chöttingen) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 130 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Leine og er administrasjonsstad for landkreisen Göttingen.

Göttingen har sitt opphav i ein landsby med namn Gutingi. Landsbyen vart først nemnd i dokument i 953. Byen vart grunnlagd mellom 1150 og 1200 nordvest for denne landsbyen og tok same namn. I mellomalderen var byen medlem av Hansaen og derfor ein rik by.

Landemerket Gänselieselfontenen på markedsplassen

I dag er Göttingen kjend for det gamle universitetet sitt (Georgia Augusta eller Georg-August-Universität), som vart grunnlagd i 1737 og vart det mest vitja universitetet i Europa. I 1837 protesterte sju professorar her mot den totale suvereniteten til kongane av Hannover og mista kontora sine. Dei vart kjend som «Göttinger Sieben», og var mellom anna kjende personar som Grimm-brørne, Heinrich Ewald, Wilhelm Weber og Georg Gervinus. Dei tyske kanslarane Otto von Bismarck og Gerhard Schröder studerte jus ved universitetet i Göttingen. Karl Barth hadde sitt første professorat her. Nokre av dei mest kjende matematikarane gjennom historia, Carl Friedrich Gauss, Bernhard Riemann og David Hilbert var professorarar ved Göttingen.

Som så mange andre universitetsbyar har Göttingen utvikla sine eigne skikkar. Dagen då studentar får utdelt doktorgraden sin, vert dei trekt i handkjerrer frå rådhuset til Gänseliesel-fontenen føre det gamle rådhuset. Her må dei klatre på fontenen og kysse statuen Gänseliesel (Gåsejenta). Dette er eigentleg ulovleg, men noko ein vanlegvis ser gjennom fingrane med i desse tilfella. Ho er rekna som ein av dei mest kyssa jentene i verda.

Dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen rørte nesten ikkje Göttingen i det heile tatt. Ein uskriven regel mellom britane og nazistane var at nazistane ikkje skulle bombe Cambridge og Oxford mot at dei allierte ikkje skulle bombe Heidelberg og Göttingen. Dei indre områda av Göttingen er i dag ein attraktiv stad å bu med mange butikkar, kafear og barar. Mange studentar buset seg her og gjev Göttingen eit ungt andlet.

Økonomisk er Göttingen kjend for produksjon av optisk og finmekanisk maskineri, inkludert Carl Zeiss lysmikropskop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Göttingen